Tekst
Video
Spil og leg
Konkurrence
Lydindspilning
Opgave
Faglitteratur
Lærervejledning

Glemt password?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Opgaven er nu afleveret

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Opgaver

{{assignment.Comment}}

Forsoning (lLÆRERVEJLEDNING)

Klassetrin: 4.-6. klasse Tema: Forsoning Type: Lærervejledning Fag: Dansk

INTRODUKSJON

Forsoning handlar om å tilgi, mekle og å byggje opp att. Det kan handle om å akseptere ein vanskeleg livssituasjon, gjere noko godt att etter å ha gjort noko gale, eller å byggje opp att eit vennskap og godt forhold til ein annan person etter å ha vore ueinige. Forsoning handlar om ein menneskeleg prosess med å akseptere og ta tilbake kontrollen, som ofte kan føre til endring og ei kjensle av håp. Forsoning skjer både inni ein og i samspel med andre menneske.

 

Temaet Forsoning tek føre seg ulike former for forsoning og opnar opp for ein dialog i klassen om ulike typar livssituasjonar og konfliktar – og korleis ein skal takle dei. Temaet inneheld undervisningsmateriale på nabospråka dansk, norsk og svensk.

 

FORMÅL

Formålet med temaet Forsoning er å introdusere elevane for ulike kjensler og erfaringar som gjeld familierelasjonar, endringar i livssituasjonar og identitet. Elevane får høve til å diskutere reaksjonsmønster, einsemd, mot, konfliktar, tilgiving og håp frå eit barns perspektiv. Materialet kan òg nyttast til å jamføre personane i filmane og fungere som ein innfallsport til å prate om felles verdiar og tradisjonar i dei nordiske landa.

 

I temaet møter elevane nabospråka dansk, norsk og svensk i munnleg form, og dessutan gir temaet høve til å lytte til den finlandssvenske dialekta. I sin heilskap kjem temaet til å styrkje nabospråksforståinga til elevane i dansk, norsk og svensk og utvide forståinga deira for forsoning i ulike livssituasjonar og korleis ein kan møte dei.

 

OPPBYGGINGA AV TEMAET

Forsoning består av fire kortfilmar: ein dansk, ein norsk, ein svensk og ein finlandssvensk. Kvar film presenterer kvar sin vinkel på temaet forsoning, men ein er ikkje nøydd til å jobbe med alle filmane i temaet. Som lærar kan du velje kva vinkel som er mest relevant for klassen din.

 

 

Skyggeboksaren (22 min):

  • Hovudpersonen i Skyggeboksaren, jenta Luna, blir nøydd til å akseptere ein vanskeleg situasjon når mor hennar blir bunden til rullestol etter ein boksekamp. Luna gjer alt for å ta vare på kampviljen til mora og for sjølv å akseptere den nye livssituasjonen. Filmen sluttar med at mora og jenta forsonar seg med situasjonen, og eit nytt håp for framtida oppstår.

I tillegg til forsoning er utfordringar og kampar viktige tema. Vil de fordjupe dykk vidare i det, tilrår vi temaet «Utfordringar og kampar» for 1.–4. klasse.

 

 

Dans på tynn is (30 min):

  • Den unge guten Felix blir forlaten einsam på juleferie hos onkelen sin når foreldra hans bestemmer seg for å reise på ein yoga-retreat. Onkelen til Felix er den store iskremkongen og set straks Felix i jobb med å selje is i ein stengd symjehall – einsam og fortvilt tek Felix på seg utfordringa, men ser snart livssituasjonen frå nye perspektiv. Filmen sluttar med at foreldra kjem tilbake, og Felix har forsona seg med både livssituasjonen og foreldra.

I tillegg til forsoning er utfordringar og kampar viktige tema. Vil de fordjupe dykk vidare i det, tilrår vi temaet «Utfordringar og kampar» for 1.–4. klasse.

 

 

Alt brenn (18 min):

  • 12 år gamle Anna forelskar seg i den fem år eldre Aaron. Dei overveldande kjenslene av kjærlek og sjalusi får ho til å handle utanfor normene og fører til ueinigheit mellom personane. I slutten av filmen får dei forsoning igjen gjennom aksept og tilgiving. Viktige tema i filmen er seksualitet og sensualitet, og vi tilrår filmen til dei litt eldre barna.

Om de vil jobbe vidare med den første forelskinga, tilrår vi temaet «Kjærleik og vennskap» for 1.–4. trinn.

 

 

Jag vill nå dig (15 min):

  • Søskenparet Jennie og Elin hamnar midt i det når foreldra går gjennom ei vanskeleg skilsmissa. Foreldra tek ikkje lenger ansvar for barna sine, og søskena blir nøydde til å ta vare på kvarandre. Foreldra forsonar seg ikkje med kvarandre i filmen, men søskenparet gir kvarandre styrke og får ei kjensle av kontroll over den nye livssituasjonen.

Vil de arbeide vidare med familierelasjoner, tilrår vi temaet vårt «Familie» for 1.–4. trinn.

 

 

OPPGÅVER OG LYDORDBOK

Alle enkeltmateriala har tilhøyrande oppgåvesett, som legg opp til både sjølvstendig arbeid og gruppearbeid. Oppgåvene tek føre seg språk og kultur, og i tillegg er det vanlege analyseoppgåver.

 

I tekstane er det ei innebygd lydordbok som elevane kan velje å ta i bruk. Når ein trykkjer på eit oransje ord, spring det opp ein boks der ein kan høyre orda og sjå omsetjingar på bokmål, dansk, nynorsk og svensk.

Login for at se mere

Udgiver: Norden i Skolan

Produceret i år: 2019

Tak til: NoJSe