Tekst
Video
Spil og leg
Konkurrence
Lydindspilning
Opgave
Lærervejledning

Glemt password?

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Opgaven er nu afleveret

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Opgaver

{{assignment.Comment}}

Eit eksperiment

rat-822288_960_720.jpg

- Æsj, seier Karen ho kjem inn naturfagrommet,
- det er ei rotte kateteret.
     - Slapp av, seier læraren, - ho er i bur.
     - Eg synest ho er ganske søt, eg, seier Emma og går
heilt inntil. - Synest ikkje du også, Peter?
     - Eg har ikkje noko forhold til rotter, seier Peter.
     - I somme land bruker dei rotter til mat, seier Martin.
     - Kvalmt, seier Karen, - eg ville aldri ha ete rotter.
     - Om du ikkje hadde annan mat, ville du no ete, seier  
læraren.  - Men denne gongen skal vi berre gjere eit
eksperiment.
     - Kva skal vi finne ut? Om noko rører seg oppe i
skolten til rotta?
     - Sjå om ho greier å utan føter, kanskje, seier eg.
     - Nei nei nei, seier læraren og stryk seg over skallen.
     - Å ete ei rotte kan også vere eit eksperiment, seier
Martin.
     - Ein kan ikkje behandle rotter kva måte ein vil,
seier Emma.
     - Så så, seier læraren.
     - Der er nok rotter i verda, seier Martin. - I fjor måtte
vi ha ein oppryddingsaksjon vi kom hytta.
         - Skal vi drepe rotta? seier Emma og held handa for munnen.
         - Hysj! seier læraren og ber dei roe seg. - Hugs, det er berre eit eksperiment. Det står i læreplanen at vi skal ha nokre eksperiment i naturfag.
     - Går det an å lage pels av rotteskinn? Om ein samlar nok rotter? seier Martin.
     - Høyr her, seier læraren.
     - Eg nektar, seier Åsa. - Det er umenneskeleg å behandle rotter slik.
     - Det er berre ei rotte, seier Peter.
     - Uansett, seier Åsa. - Det er eit levande vesen. Ein skal ikkje plage dyr.
     - Dyr har også kjensler. Akkurat som menneske, seier Emma.
     - Pisspreik, seier Martin.
     - Må vi gjere det eksperimentet? seier Peter. - Kva går det eigentleg ut ?
     - Eg nektar, seier Åsa. - Eg nektar, og eg seier frå. Det er mi plikt. Det er ikkje rett. Det er uetisk.
     - Eg støttar Åsa.
     - Vel..., seier læraren.
     - Vi er mot dyreplageri.
     - Eg er ikkje samd i at det er dyreplageri.
     - Sjølvsagt er det dyreplageri!
     - OK, seier læraren. - Eg gir meg for overmakta. Slik er det i naturen, den svakaste må alltid gi seg, den sterkaste har alltid rett. Det er slik naturen er.
       Læraren ler tørt. - Så lærte vi i alle fall litt, legg han til. Han set buret under kateteret.
     - Er det ei normal rotte? spør Peter.
- Eg trur det, seier læraren og tørkar sveitten av panna.
- Skal vi ikkje sleppe rotta fri? Ei fri rotte i
klasserommet? seier Martin.
     - Aldri i livet! hyler Karen. - Ho høyrer ikkje heime her!
     Martin ler.
     - Det er ikkje noko å le av, seier læraren. - Det er slik det er. Overleving. I naturen handlar alt om å overleve. Når eit menneske eller eit dyr blir liggjande nokre timars t.d. i vatn, byrjar dei andre å ete av kjøtet, smådyra, fiskane, insekta.
     - Aldri i livet om eg nokon gong et fisk meir, seier eg og grøssar.
     - Fisk er sunt, seier læraren.
     - Eg spyr! seier Peter. - Frisk luft!
     - Det må du nok vente med seier læraren og flyttar noko naturfagsutstyr. - Kan de vere rolege?

Login for at se mere

Forfatter: Rønnaug Kleiva

Opgaver

  • 1Opgaver

    Fælles/ alene:

    • (Udprint tekst - Teksten er skrevet på nynorsk)
    • Lav en trafiklysopgave inden I lytter til teksten.
    • Overstreg de ord, som er ens med jeres sprog med grøn. De ord, som ligner skal være gule, og de ord I ikke kender skal være røde.
    • Hvor meget ligner teksten jeres sprog?
    • Lyt til oplæsningen.
    • Hvad var let at forstå - hvad var svært?

    Gruppe:

    • Hvad handler historien om?
    • Hvilke udfordring har eleverne?
    • Hvad er deres forskellige holdninger?
    • Hvad synes I, at der skulle ske med rotten? Hvorfor?

    .