Tekst
Video
Spil og leg
Konkurrence
Lydindspilning
Opgave
Lærervejledning

Glemt password?

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Opgaven er nu afleveret

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Opgaver

{{assignment.Comment}}

Nordisk ID (lærarrettleiing)

Klassetrin: 7.-10. klasse Fag: Dansk Tema: Nordisk ID Type: Lærervejledning

INTRODUKSJON

Temaet Nordisk ID tek for seg nordisk identitet. Kva vil det seie å vere nordisk? Finst det ein felles nordisk identitet? Er nordisk identitet og nasjonal identitet to sider av same sak?

 

Nordisk ID inneheld ei god blanding av romantiske nasjonalsongar, kortfilmar med sjølvironisk distanse til nasjonal identitet og tekstar som tek opp dilemma kring det å identifisere seg med fleire nasjonalitetar. I ei verd med flyktningstraumar frå krigsherja område og ei europeisk befolkning som vippar mellom sjølvstendetankar og europeisk fellesskap, er temaet særskilt aktuelt. Nordisk ID legg rammene kring ein refleksjon om det nordiske DNA-et.

 

 

FORMÅL 

Formålet med temaet Nordisk ID er å introdusere elevane for ulike syn på å tilnærmingar til omgrepet nasjonal identitet. Elevane blir oppfordra til å reflektere over og diskutere kva vi kan ha til felles som menneske, sjølv om vi er ulike. I temaet er det undervisningsmateriale på alle språka i Norden, og elevane møter nabospråka i både skriven og talt form. Temaet vil som heilskap bidra til å styrkje nabospråksforståinga til elevane og utvide den nordiske kulturforståinga deira.

 

 

OPPBYGGINGA AV TEMAET

Nordisk ID består av tekstar (dikt, rappar, salmar, popsongar, nasjonalsongar, noveller, romanutdrag), filmar/kortifilmar (dokumentar, fiksjon, fakta) og musikkvideoar. Ein treng ikkje å arbeide med alle materiala i eit tema. Norden i Skolen foreslår tre ulike opplegg: Det nasjonaleDet multikulturelle og Den nytolkande, som legg opp til kvar sin vinkel til temaet identitet. Du kan som lærar velje eitt av opplegge eller velje fritt mellom materiala i temaet, alt etter kva som er mest relevant for klassen din.

  

Opplegg 1: ’Det nasjonale’ 

  • Vel to til tre av nasjonalsongane i Norden pluss H.C. Andersens dikt «Jeg er en skandinav» og teksten frå musikkvideoen «Mítt land» av Eyðun Nolsøe. Dei tilhøyrande oppgåvene tek for seg nasjonalromantikkens syn på nasjonal identitet og perspektiv på korleis vi forstår nasjonal identitet i dag. Det er dessutan lagt opp til å kople på den faktarike presentasjonsvideoen om Norden «Det nordiske perspektivet» som jamføring.

 

Opplegg 2: ’Det multikulturelle’ 

  • Vel kortfilmane «Half&Half» og «Barn af Irak» og teksten «Svenhammeds journaler», som alle fokuserer på dilemmaet og utfordringa med å stå mellom to kulturar. Dei tilhøyrande oppgåvene opnar for autentiske diskusjonar om identitet og fellesskap. Om det er tid, kan også dei nasjonalromantiske døma koplast på.

 

Opplegg 3: ’Det nytolkande’ 

  • Vel den danske musikkvideoen «Find mig her» med Per Vers, det færøyske diktet «Í mínum landi» av Jóanes Nielsen og den norske kortfilmen «Ja, vi elsker». Dei har alle ei ironisk og sjølvreflekterande tilnærming til det nasjonalromantiske. I dei tilhøyrande oppgåvene kan elevane analysere korleis førestillinga om ein nasjonal identitet kan inngå i ein politisk agenda. Opplegget er eigna til å koplast saman med opplegg 1, om ein har tid til det.

  

 

OPPGÅVER OG LYDORDBOK

Alle enkeltmateriala har fire oppgåver knytt til seg, som ikkje nødvendigvis har eit skarpt skilje mellom seg, men kan sjåast som ei rettleiande inndeling:

  • språk og kulturforståing (språk og kultur i fokus)
  • inn i teksten (orienteringsdel)
  • ned i teksten (analysedel)
  • ut av teksten (perspektivdel)

  

I tekstane ligg det ei innebygd lydordbok, som elevane kan velje å nytte til hjelp. Når ein trykkjer på eit av dei oransje orda, spring det opp ein boks der ein kan høyre ordet og sjå omsetjing på dansk, svensk, bokmål og nynorsk.

Login for at se mere

Pædagogisk konsulent: Stefan Åge Hardonk Nielsen

Udgiver: Norden i Skolen

Udgivet: 2018