Tekst
Video
Spil og leg
Konkurrence
Lydindspilning
Opgave
Faglitteratur
Lærervejledning

Glemt password?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Opgaven er nu afleveret

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Opgaver

{{assignment.Comment}}

Lærarrettleiing - Døden i litteraturen

Introduksjon

Dette temaet tek føre seg eitt av dei gjennomgåande og ganske eksistensielle motiva i litteraturen, nemleg døden. Sidan dette kan vere eit veldig omfangsrikt emne, vil dette forløpet gi eit meir eller mindre tilfeldig utval av tekstar, som ein kan innsnevre eller byggje ut alt etter korleis det passar.


Formål

Formålet med temaet er å gi ein introduksjon til ulike måtar å møte døden i litteraturen på, slik at ein introduserer elevane for emnet i både lyrikken, novella, romanen og sakprosaen. Samtidig har ein prøvd å få til ei relativt stor historisk spreiing i utvalet, som strekkjer seg frå første halvdel av 1800-talet til i dag. Det har vore ein prioritet å lage eit materiale som dekkjer eit utval av nyare, realistisk litteratur, som er enkel for elevane å møte, samtidig som at opplegget kjem til (eller kan komme til) å omfate ei rekkje offisielle eller uoffisielle kanoniserte forfattarar frå dei siste århundra i litteraturhistoria. 


Oppbygginga av temaet

Temaet legg vekt på død som allmenn oppleving sett frå ei nordisk majoritetserfaring, men ein vil kunne byggje ut med minoritetsperspektiv eller med innslag av for eksempel sydamerikansk magisk realisme, postkolonial litteratur eller litteratur om forfølgde posisjonar. Dette kan for eksempel vere erindringslitteratur om andre verdskrig. Det er også ei moglegheit å inkludere krigslitteratur, som i seg sjølv er eit stort emne, og som her er utelate, enten i samanheng med eit utvida fokus på representasjon av krig og død i media, eller i samband med for eksempel ekspresjonisme og krigsdikting frå første verdskrig. Den største delen av temaet er litterær, men det inneheld også både ein kortfilm og litt medie- og diskursanalyse. Dersom ein ønskjer det, kan desse delane utvidast, slik at fordelinga mellom litteratur, språk og media blir som ein ønskjer..

Materialforslaga til dei enkelte modulane er optimistiske, dersom ein reknar med at ein modul varer i 90 minutt. Planen under skal tolkast slik at ein enten kan velje blant det foreslåtte materialet eller utvide planen med fleire modular. Der er ein plan for kvar modul, som ein kan bruke dersom ein ønskjer det. Tanken er at dette er ein måte å gjere det forståeleg på, for korleis ein kan bruke stoffet i ein undervisningssamanheng.


PDF temaplan

Login for at se mere

Udgiver: Norden i Skolen

Udgivet: 2021

Pædagogisk konsulent: Anne Sofie Skemt Hjuler