Egon Mathiesen
{{learningObjectiv.description}}
{{assignment.Comment}}
INTRODUKSJON
Temaet Vesle Nord er ei samling kjende teiknefilmar og songar for dei yngste elevane på skolen. Filmane er klare til å visast, og oppgåvene er enkle og kan lett brukast i klassen. Elevane vil blant anna oppleve dei danske klassikarane Vitello og Aben Osvald, den svenske klassikaren Alfons Åberg og forfattaren av den norske nasjonalsongen, Bjørnstjerne Bjørnson.
FORMÅL
Formålet med temaet Lille Nord er at elevane på dei yngste klassetrinna stiftar kjennskap med nabospråka dansk, norsk og svensk på ein enkel og relevant måte. Elevane får høve til å sjå, lytte og syngje med på nabospråka. Temaet kan med fordel nyttast i samarbeid med musikklæraren.
OPPBYGGINGA AV TEMAET
Vesle Nord består av korte teiknefilmar, barnesongar og eit dikt med oppgåver til. Ein kan, om det gir meining for elevgruppa, nytte undertekstane, som finst på ni nordiske språk. Ein treng ikkje å arbeide med alle materiala i temaet. Norden i Skolen foreslår to ulike opplegg: Nordiske klassikarar og Nordisk lyrikk. Du kan som lærar velje eit av opplegga eller velje fritt mellom materiala i temaet, alt etter kva som er mest relevant for klassen din.
Opplegg 1: «Nordiske klassikarar»
Opplegg 2: «Nordisk lyrikk»
OPPGÅVER OG LYDORDBOK
Alle enkeltmateriala har éin oppgåvetype tilknytt seg. I oppgåvene er det lagt vekt på både språk, kultur og tekstanalyse.
I tekstane ligg det ei innebygd lydordbok, som elevane kan velje å nytte til hjelp. Når dei trykkjer på eit av dei oransje orda, opnar det seg ein boks der dei kan høyre ordet og sjå omsetjing til bokmål, dansk, nynorsk og svensk.