Martin Lund
{{learningObjectiv.description}}
{{assignment.Comment}}
INTRODUKSJON
Temaet Utfordringer og kampar handlar om ulike livskampar og dilemma. Korleis overvinn ein kvardagsutfordringar når dei dukkar opp? Kva er ein superhelt/kvardagshelt? Og kva konsekvensar kan overdrivingar og sludder føre med seg når ei fjør plutseleg har blitt til fem høns?
Utfordringar og kampar er ei blanding av humor og alvor. Materialet gir eit godt utgangspunkt for samtalar om korleis sladder blir til mobbing og berre veks seg større, dyreetikk, personlege utfordringar og det å verkeleggjere draumane sine sjølv om andre ikkje trur det er mogleg.
FORMÅL
Formålet med temaet Utfordringar og kampar er at elevanea stiftar kjennskap med ulike livskampar og får perspektiv på korleis ein kan komme over dei. Elevane får høve til å reflektere over kampane til hovudpersonane og kva dei sjølv ville ha gjort i ein slik situasjon.
I temaet møter elevane nabospråka dansk, norsk og svensk, og dessutan finsk og islandsk. Dei tilhøyrande oppgåvene opnar for å arbeide med både språk og innhald. Temaet vil i sin heilskap bidra til å styrkje nabospråks- og kulturforståinga til elevane.
OPPBYGGING AV TEMAET
Utfordringar og kampar består av fire kortfilmar, to utdrag av noveller og eitt eventyr. Ein treng ikkje å jobbe med alt materialet i temaet. Norden i Skolen foreslår to opplegg (måtar å gjennomføre stoffet på): «Kampen» og «Utfordringa». Du kan som lærar velje eitt av opplegge eller velje fritt mellom materiala i temaet, alt etter kva som er mest relevant for klassen din.
Opplegg 1: «Kampen»
Opplegg 2: «Utfordringen»
OPPGÅVER OG LYDORDBOK
Alle enkeltmateriala har éin oppgåvetype knytt til seg, som legg opp til både sjølvstendig arbeid og gruppearbeid. Oppgåvene tek for seg både språk, kultur og tradisjonelle analyseoppgåver.
I tekstane ligg det ei innebygd lydordbok, som elevane kan velje å nytte til hjelp. Når ein trykkjer på eit av dei oransje orda, opnar det seg ein boks der ein kan høyre ordet og sjå omsetjinga på bokmå, dansk, nynorsk og svensk.