Teksti
Video
Pelit ja leikit
Kilpailu
Äänitallenne
Tehtävä
Tietokirjallisuus
Opettajan ohje

Unohtunut salasana?

 

Oppimistavoite

{{learningObjectiv.description}}

Tehtävä on nyt palautettu

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentti

Tehtävät

{{assignment.Comment}}

SKAM (lærarrettleiing)

Luokka-aste: 7.-10. luokka Aine: Suomi Teema: SKAM Tyyppi: Opettajan ohje

Formål (til læraren):

Den norske ungdomsserien SKAM er ei gåve til nabospråksundervisninga i heile Norden. SKAM har gjort det norske språket kult blant nordiske ungdommar og har styrkt kjensla av å vere ein del av eit større skandinavisk språk- og kulturfellesskap. SKAM tek opp autentiske aktuelle problemstillingar som nordiske ungdommar kan relatere til.

 

Tittelen SKAM referer til den skamma mange unge kjenner over ikkje å vere perfekte og kunne leve opp til eigne høge ideal. Regissøren og manusforfattaren Julie Andem har skapt ein serie der unge kan spegle seg i karakterar som ikkje er perfekte, og der ungdommane hjelper kvarandre med å tore å stå for kven dei er og kva dei meiner. SKAM blei sendt på NRK frå 2015 til 2017. Målgruppa var opphavleg 16 år gamle jenter, men serien har nådd langt breiare og har ein stor fanskare i heile Norden.

 

«Mennesker trenger mennesker» er eit kjent sitat frå SKAM, som fint uttrykkjer det sentrale bodskapet i serien om at vi alle treng å vere ein del av eit fellesskap. Ungdommane i SKAM finn styrke i vennskapa sine, og dei støttar kvarandre i å tore å vere seg sjølv. «Kvart eit menneske er ei øy» er eit anna sentralt sitat, som fortel at vi menneske er som øyer som berre kan kommunisere gjennom språket. Vi er nøydde til å snakke saman om problema våre. Det lærer vi av karakterane i SKAM.

 

 

Oppbygninga av materialet

Det er eit materiale med utvalde klipp frå alle dei fire sesongane i serien, som løftar fram nokre utvalde problemstillingar. Kvar sesong har ein hovudperson som på forskjellige måtar kjempar med å finne seg sjølv. Eva i første sesong kjempar med å bli eit meir sjølvstendig individ med eigne meiningar. Noora i andre sesong er den sjølvbevisste moderne feministen med høge ideal som kjempar med å tore å gi seg hen. Isak i tredje sesong kjempar med å innrømme at han er homofil. Sana i fjerde sesong kjempar med å sameine den muslimske trua si med å vere ei ung norsk jente.

 

Kvart materiale er bygd opp av fire delar:

  • Mål: Her er det enkle elevretta læringsmål som raskt fortel kva elevane kan lære i materialet.
  • FørHer er det lagt opp til aktivitetar som førebur elevane på å forstå teksten betre før dei ser eller les den.
  • UnderHer er dei elevoppgåvene som rettar seg direkte mot sjølve innhaldet i forma på teksten (filmklipp, skriven tekst eller bilete).
  • Efter: Her er det oppgåver som set teksten i perspektiv jamført med andre tekstar, verda eller ungdommanes eige liv.

 

Ein kan jobbe med dei enkelte materiale i kva rekkjefølgje som helst, og det er ikkje ein føresetnad at ein har sett heile serien.

 

 

Til nabospråksundervisninga

Alle klippa har  undertekstar. Dei norske tekstane kan veljast i avspelaren:

 

undefined

 

 

I SKAM-materialet finn du dessutan utdrag av dialogar som skriven tekst. Skriftspråket er ofte lettare å halde ved enn det flyktige talespråket. Tekstdialogane er ei god støtte for språkforståinga, sidan dei gir elevane høve til å gå i djupna med nabospråket og samstundes få større forståing for mønstera i eige språk. Materiala inneheld òg samtalane mellom karakterane på Messenger, som er henta frå SKAM-bloggen på NRKs heimeside. La elevane vere språkdetektivar som leitar etter likskapar og skilnader i ordstilling (syntaks), ord (leksikon) og staving (ortografi).

 

undefined

 

 

Om språket i SKAM 

På norsk legg ein vekt på lydrette stavemåtar framfor å sjå på etymologien – altså kva ordet stammar frå. Kule kjem frå det tyske ordet kugel, derfor skriv ein på dansk framleis gkugle, sjølv om ein ikkje kan høyre det. Nordmennene stavar ordet kule, som er ein lydrett stavemåte. Der danskane har mange lånord frå engelsk, har nordmennene sine eigne omsetjingar. Ordet «å streame» på dansk heiter f.eks. «å strøyme» på norsk. norsk har i likskap med svensk harde konsonantar fleire stader der dansk har blaute. Det ser vi i ord som kake/kaka (norsk/svensk), der norsk og svensk har ein hard k, mens det på dansk blir skrive kage – altså med den blaute konsonanten g. Der danskar berre har doble konsonantar inni ord, skriv nordmenn og svenskar gjerne doble konsonantar i slutten av ord, f.eks. takk.

 

Karakterane  i  SKAM  har  eit  multietnisk  ungdomsspråk  med  slang  som  blandar  norsk,  engelsk  og  arabisk.Engelske  uttrykk  blir  fornorska, f.eks. seier  Noora  til  William:  «Jeg  trenger  litt  space»,  gutane  i  The  Penetrators  blir  kalla  ein  føkkboy,  der  ungdommane  blandar  engelsk  og  norsk  stavemåte.  Som  i  både  Sverige  og  Danmark  tek  nordmenn  òg  til  seg  engelske  ord,  som  dei  bøyer  etter  heimleg  grammatikk:  F.eks.  blir  to  hook  up  til  «å  hooke»,  som  er  flittig  brukt  når  karakterane  har  vore  intime  i  lag,  utan  at  det  treng  å  vere  seksuelt.  Sjølv  om  serien  finn  stad  på  Hartvig  Nissens  skole,  der  barn  frå  den  betre  stilte  mellomklassen  i  Oslo  går,  så  er  språket  deira  påverka  av  gatespråket  frå  bydelar  med  mange  innvandrarar.  Språket  til  ungdommane  i  SKAM  blir  populært  kalla  «kebabnorsk».  Det  er  ei  såkalla  multietnolekt,  som  blir  utvikla  blant  folk  med  ulik  språkbakgrunn.  Det  er  ei  norsk  dialekt,  men  har  innslag  frå  framandspråk  som  arabisk,  panjabi  og  urdu.  Multietnolekta  blir  brukt  av  alle  på  staden  som  vil  –  òg  dei  etnisk  norske  ungdommane.  Liknande  uttrykk  kjenner  vi  som  det  ikkje  politisk  korrekte  uttrykket  perkerdansk  i  Danmark,  ogblattesvenska  i  Sverige.  I  serien  nyttar  både  barna  av  innvandrarar  og  etniske  nordmenn  f.eks.  arabiske  uttrykk  som  lø,  som  betyr  «teit». 

Kirjaudu sisään lukemaan lisää

Kustantaja: Norden i Skolen

Opetuskonsultti : Trine Ferdinand og Dorte Haraldsted