Texti
Myndband
Leikir og þrautir
Samkeppni
Hljóðupptaka
Verkefni
Kennsluleiðbeiningar

Kennslumarkmið

{{learningObjectiv.description}}

Verkefninu hefur nú verið skilað

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Athugasemd

Verkefni

{{assignment.Comment}}

Vennskap (lærarrettleiing)

Bekkur: 8.-10. bekkur Námsgrein: Íslenska Þema: Vinátta Tegund: Kennsluleiðbeiningar

INTRODUKSJON

«Å ta vennskap frå livet er som å ta sola frå jorda», skreiv den romerske tenkjaren Cicero i år 30 f.Kr. Temaet Vennskap set søkjelyset på kva betydning vennskap har for mennesket. Kva vil det seie å vere venner? Kva treng vi eigentleg venner til? Kva er eit godt vennskap?

 

Vennskap inneheld undervisningsmateriale på nabospråka dansk, norsk og svensk, som handlar om tema om vennskap og relasjonar mellom menneske. Menneske er sosiale vesen som treng nokon å bry seg om og nokon som bryr seg om dei, for å trivast. Vennskap set rammene kring ein refleksjon over vennskapets rolle i livet til menneska.

 

 

 

FORMÅL

Formålet med temaet Vennskap er å introdusere elevane for ulike kjensler og erfaringar knytte til vennskapsrelasjonar. Elevane blir oppfordra til å reflektere over og diskutere kva ansvar vi som menneske har overfor venner og andre menneske. I temaet møter elevane nabospråka dansk, norsk og svensk i skriven og talt form. Temaet vil i sin heilskap bidra til å styrke nabospråksforståinga til elevane og utvide forståinga deira for kva menneska betyr for kvarandre.

 

 

 

OPPBYGGINGA AV TEMAET

Vennskap består av kortfilmar med undertekstar og tilhøyrande nedskrivne dialogar pluss utdrag frå romanar og noveller med opplesing. Ein treng ikkje jobbe med alt materialet i temaet. Norden i Skolen foreslår to ulike opplegg: Venn eller fiende eller Vennskap og ansvar. Du kan som lærar velje eitt av opplegga eller velje fritt mellom materiala i temaet, alt etter kva som er mest relevant for klassen din.

 

Opplegg 1: ’Venn eller fiende´

  • Vel den norske kortfilmen «To mot en», den danske novella «Veninder», den svenske novella «Liten julnovell» og den danske teksten «Blå øjne». Dei tilhøyrande oppgåvene tek for seg vennskap, mobbing og rivalisering og korleis vi alle har ei rolle å spele i relasjon til kvarandre. Om det er tid, kan òg opplegg 2 koplast på.

 

Opplegg 2: ’Vennskap og ansvar´

  • Vel den danske kortfilmen «Akvarium», den svenske novella «Miriam och jag och världen» og uttraget frå den norske romanen «Ingen dager uten regn». Dei tilhøyrande oppgåvene tek for seg styrken ved å vere nær kvarandre og hjelpe kvarandre. Oppgåvene opnar for å reflektere over det ansvaret vi har for kvarandre som venner og medmenneske. I tillegg er det relevant å sjå kortfilmen «To mot en» for endå eit perspektiv på vennskap og ansvar.

 

 

OPPGÅVER OG LYDORDBOK

Alle enkeltmateriala har fire oppgåvetypar knytte til seg, som det ikkje nødvendigvis er skilt skarpt mellom, men som skal sjåast som ei rettleiande inndeling:

  • språk og kulturforståing (språk og kultur i fokus)
  • inn i teksten (orienteringsdel)
  • ned i teksten (analysedel)
  • ut av teksten (perspektivdel)

 

I tekstane ligg det ei innebygd lydordbok, som elevane kan velje å nytte til hjelp. Når ein trykkjer på eit av dei oransje orda, spring det opp ein boks der ein kan høyre ordet og sjå omsetjing til dansk, svensk, bokmål og nynorsk.

Skráðu þig inn til að sjá fleira

Kennslufræðiráðgjafar: Stefan Åge Hardonk Nielsen

Höfundur verkefnis: Norden i Skolen

Gefið út: 2018