4fod
{{learningObjectiv.description}}
{{assignment.Comment}}
INTRODUKSJON
Temaet Løgn og sanning rettar søkjelyset mot dilemmaet mellom rett og gale – kva som er løgn, og kva som er sanning. Løgn og sanning er eit motsetningspar, men er løgna alltid det motsette av sanninga? Er sanninga situasjonsbunden, eller finst det ei objektiv sanning?
Løgn og sanning inneheld ei utvald blanding av undervisningsmateriale som tek for seg etiske og moralske dilemma i gråsona mellom kva som er sant og falskt. I eventyret «Keiserens nye klær» av H.C. Andersen er det berre ein liten gut som vågar å røpe sanning når alle andre har akseptert ei løgn. Om mange nok folk trur på noko, betyr det då at det er sant?
Temaet dannar grunnlag for ein refleksjon kring korleis menneske stiller seg til sanninga.
FORMÅL
Formålet med temaet Løgn og sanning er å kaste lys over gråsona mellom løgn og sanning i livet vårt. Elevane blir utfordra til å reflektere over kva som er rett og gale, gjennom dei mange problemstillingane vi presenterer i materialet. I temaet møter elevane nabospråka dansk, norsk og svensk i skriven og talt form. Alle tekstane er innlesne på lokalspråket, så den lydlege delen / den lokale språktonen blir kopla til opplevinga. Elevane blir merksame på likskapar og skilnader mellom nabospråka gjennom trafikklysmetoden i oppgåvene til materialet. Temaet vil i sin heilskap bidra til å styrkje nabospråksforståinga til elevane og utvida forståinga deira av kva sanning er.
OPPBYGGINGA AV TEMAET
Løgn og sanning består av kortfilmar, ein musikkvideo, utdrag frå romanar, eventyr, noveller og ein fagtekst. Ein treng ikkje arbeide med alt materialet i temaet. Norden i Skolen foreslår tre opplegg: «Bedrag», «Den ubehagelege sanninga» og «Ditt sanne eg». Som lærar kan du velje eitt av forløpa eller velje fritt mellom materiala i temaet alt etter kva som er mest relevant for klassen din.
Opplegg 1: «Bedrag»
Opplegg 2: «Den ubehagelege sanninga»
Opplegg 3: «Ditt sanne eg»
OPPGÅVER OG LYDORDBOK
Alle enkeltmateriala har fire oppgåver knytte til seg, som ikkje nødvendigvis er skarpt åtskilde, men skal vere som ei rettleiande inndeling:
I tekstane ligg det ei integrert lydordbok, som elevane kan velje å nytte til hjelp. Når dei trykkjer på dei oransje orda, spring det opp ein boks der dei kan høyret orda og sjå omsetjinga på dansk, bokmål, nynorsk og svensk.