Tekst
Video
Spill og lek
Konkurranse
Lydinnspilling
Oppgave
Faglitteratur
Lærerveiledning

Glemt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgaven er nå levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgaver

{{assignment.Comment}}

Vesle Nord (lærarrettleiing)

INTRODUKSJON

Temaet Vesle Nord er ei samling kjende teiknefilmar og songar for dei yngste elevane på skolen. Filmane er klare til å visast, og oppgåvene er enkle og kan lett brukast i klassen. Elevane vil blant anna oppleve dei danske klassikarane Vitello og Aben Osvald, den svenske klassikaren Alfons Åberg og forfattaren av den norske nasjonalsongen, Bjørnstjerne Bjørnson.

 

FORMÅL

Formålet med temaet Lille Nord er at elevane på dei yngste klassetrinna stiftar kjennskap med nabospråka dansk, norsk og svensk på ein enkel og relevant måte. Elevane får høve til å sjå, lytte og syngje med på nabospråka. Temaet kan med fordel nyttast i samarbeid med musikklæraren.

 

 

OPPBYGGINGA AV TEMAET

Vesle Nord består av korte teiknefilmar, barnesongar og eit dikt med oppgåver til. Ein kan, om det gir meining for elevgruppa, nytte undertekstane, som finst på ni nordiske språk. Ein treng ikkje å arbeide med alle materiala i temaet. Norden i Skolen foreslår to ulike opplegg: Nordiske klassikarar og Nordisk lyrikk. Du kan som lærar velje eit av opplegga eller velje fritt mellom materiala i temaet, alt etter kva som er mest relevant for klassen din.

 

Opplegg 1: «Nordiske klassikarar»

  • Vel den svenske teiknefilmen «Alfons Åberg», den danske teiknefilmen «Vitello graver et hul» og den norske teiknefilmen «Olavs første skitur». Alle figurane har den same naive og nyfikne tilnærminga til verda omkring seg. Med desse tre teiknefilmane kjem elevane rundt i heile Skandinavia på kort tid og får stoff til ein vidare prat om ulikskapar og likskapar mellom landa.

 

Opplegg 2: «Nordisk lyrikk»

  • Vel det norske diktet «Treet», den svenske songen «Vem kan segla förutan vind» og den danske songen «Sørøversangen». Dikt og songar er eit godt utgangspunkt for ein lekande og enkel inngang til dei ulike språka, og ut frå dei kan klassen snakke om ulikskapar og likskapar mellom språka. Kjenner ein til andre nordiske barnesongar, er det ein god idé å trekkje dei inn i dette opplegget. Finn eventuelt meir inspirasjon i temaet «Norden syng».

 

OPPGÅVER OG LYDORDBOK

Alle enkeltmateriala har éin oppgåvetype tilknytt seg. I oppgåvene er det lagt vekt på både språk, kultur og tekstanalyse.

 

I tekstane ligg det ei innebygd lydordbok, som elevane kan velje å nytte til hjelp. Når dei trykkjer på eit av dei oransje orda, opnar det seg ein boks der dei kan høyre ordet og sjå omsetjing til bokmål, dansk, nynorsk og svensk.

Logg inn for å lese mer

Utgiver: Norden i Skolen

Pedagogiske konsulenter: Stefan Åge Hardonk Nielsen

Utgitt: 2018