Kine Aune
{{learningObjectiv.description}}
{{assignment.Comment}}
INTRODUKSJON
Temaet Nordiske forteljingar rettar søkjelyset på nordiske folkeeventyr – fortalde frå generasjon til generasjon. Den munnleg overleverte forteljinga blei særleg på 1800–talet samla inn og skriven ned i ulik grad i heile Norden. Døme på store innsamlarar av folkeeventyr er Evald Tang Kristensen i Danmark, Asbjørnsen og Moe i Noreg og Elias Lönnrot i Finland. Du kjenner kanskje til folkeeventyr som «Askeladden som kappåt med trollet» eller «Kalevala»? I temaet Nordiske forteljingar kan du lese, lytte og sjå døme på spennande nordiske eventyr.
FORMÅL
Formålet med temaet Nordiske forteljingar er å bevisstgjere og levandegjere den nordiske forteljetradisjonen og styrkje elevane si forståing for forteljekunst. Temaet tek i hovudsak for seg folkeeventyr frå Danmark, Sverige og Noreg. Kulturelt ligg eventyra tett opp mot kvarandre, noko som gjer det interessant å tenkje over korleis Norden såg ut i folkeeventyra si stordomstid. I temaet møter elevane nabospråka i både skriven og talt form. Alle tekstane er lesne opp på originalspråket med tilhøyrande tekst på dansk, svensk, bokmål og grønlandsk. Temaet vil i sin heilskap bidra til å styrkje nabospråksforståinga til elevane og utvide den nordiske kulturforståinga deira.
OPPBYGGINGA AV TEMAET
Nordiske forteljingar inneheld åtte folkeeventyr og ein samisk animasjonsfilm. Ein treng ikkje å arbeide med alt materialet i temaet. Norden i Skolen foreslår tre ulike opplegg: Fire ulike forteljingar, Asbjørnsen og Moe og Pølsen på næsen. Du kan som lærar velje eitt av opplegga eller velje fritt mellom materiala i temaet, alt etter kva som er mest relevant for klassen din.
Opplegg 1: «Fire ulike forteljingar»
Opplegg 2: «Asbjørnsen og Moe»
Opplegg 3: «Pølsen på næsen»
OPPGÅVER OG LYDORDBOK
Alle enkeltmateriale har éin oppgåvetype knytt til seg, som legge opp til både sjølvstendig arbeid og gruppearbeid. Oppgåvene tek for seg både språk, kultur og tradisjonelle analyseoppgåver.
I tekstane ligg det ei integrert lydordbok, som elevane kan nytte til hjelp. Ved å trykkje på orda som er oransje, opnar det seg ein boks der ein kan høyre orda og sjå omsetjinga på bokmål, dansk, nynorsk og svensk.