Tekst
Video
Spill og lek
Konkurranse
Lydinnspilling
Oppgave
Faglitteratur
Lærerveiledning

Glemt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgaven er nå levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgaver

{{assignment.Comment}}

Løgn og sanning (lærarrettleiing)

INTRODUKSJON

Temaet Løgn og sanning rettar søkjelyset mot dilemmaet mellom rett og gale – kva som er løgn, og kva som er sanning. Løgn og sanning er eit motsetningspar, men er løgna alltid det motsette av sanninga? Er sanninga situasjonsbunden, eller finst det ei objektiv sanning?

 

Løgn og sanning inneheld ei utvald blanding av undervisningsmateriale som tek for seg etiske og moralske dilemma i gråsona mellom kva som er sant og falskt. I eventyret «Keiserens nye klær» av H.C. Andersen er det berre ein liten gut som vågar å røpe sanning når alle andre har akseptert ei løgn. Om mange nok folk trur på noko, betyr det då at det er sant?

 

Temaet dannar grunnlag for ein refleksjon kring korleis menneske stiller seg til sanninga.

 

 

FORMÅL

Formålet med temaet Løgn og sanning er å kaste lys over gråsona mellom løgn og sanning i livet vårt. Elevane blir utfordra til å reflektere over kva som er rett og gale, gjennom dei mange problemstillingane vi presenterer i materialet. I temaet møter elevane nabospråka dansk, norsk og svensk i skriven og talt form. Alle tekstane er innlesne på lokalspråket, så den lydlege delen / den lokale språktonen blir kopla til opplevinga. Elevane blir merksame på likskapar og skilnader mellom nabospråka gjennom trafikklysmetoden i oppgåvene til materialet. Temaet vil i sin heilskap bidra til å styrkje nabospråksforståinga til elevane og utvida forståinga deira av kva sanning er.

 

 

OPPBYGGINGA AV TEMAET

Løgn og sanning består av kortfilmar, ein musikkvideo, utdrag frå romanar, eventyr, noveller og ein fagtekst. Ein treng ikkje arbeide med alt materialet i temaet. Norden i Skolen foreslår tre opplegg: «Bedrag», «Den ubehagelege sanninga» og «Ditt sanne eg». Som lærar kan du velje eitt av forløpa eller velje fritt mellom materiala i temaet alt etter kva som er mest relevant for klassen din.

 

Opplegg 1: «Bedrag»

  • Vel den svenske kortfilmen «Mini», det danske eventyret «Kejserens nye klæder» og den norske kortfilmen «Et plagieringseventyr», som alle tek for seg løgn og bedrag. Dei tilhøyrande oppgåvene utfordrar kva elevane tenkjer om rett og gale. Her er det lagt opp til ein diskusjon omkring korleis vegen til suksess kan gå ut over sanninga.

 

Opplegg 2: «Den ubehagelege sanninga»

  • Vel det norske romanutdraget «Fuglen», den norske novella «Guten og sanninga» og den norske fagteksten «Sannheter om løgn». Dei tilhøyrande oppgåvene tek blant anna for seg ulike gradar av løgn og konsekvensane av det. Opplegget er eit godt utgangspunkt for ein diskusjon i klassen om gråsona og det etiske dilemmaet som oppstår mellom løgn og sanning.

 

Opplegg 3: «Ditt sanne eg»

  • Vel den danske musikkvideoen «Dyret i spejlet», den svenske teksten «Sagan om den fule Manfred», den finske kortfilmen «Lyveprinsesse» og det danske-norske diktet «Smeden og Bageren». Opplegget fokuserer på dilemmaet i korleis vi forvaltar sanninga. Dei tilhøyrande oppgåvene inviterer elevane til å reflektere over kven dei er – kva er deira sanne eg, og kven vil dei vere?

 

 

OPPGÅVER OG LYDORDBOK

Alle enkeltmateriala har fire oppgåver knytte til seg, som ikkje nødvendigvis er skarpt åtskilde, men skal vere som ei rettleiande inndeling:

 

  • språk og kulturforståing (fokus på språket og kulturen)
  • inn i teksten (orienteringsdel)
  • ned i teksten (analysedele)
  • ut av teksten (perspektivdel)

 

I tekstane ligg det ei integrert lydordbok, som elevane kan velje å nytte til hjelp. Når dei trykkjer på dei oransje orda, spring det opp ein boks der dei kan høyret orda og sjå omsetjinga på dansk, bokmål, nynorsk og svensk.

Logg inn for å lese mer

Utgiver: Norden i Skolen

Pedagogiske konsulenter: Stefan Åge Hardonk Nielsen

Utgitt: 2018