Skildring
Avfallshus er ein aktivitet der ein først vel om ein vil arbeide med dansk, norsk eller svensk (målspråk). Elevane skal arbeide kreativt og eksperimenterande med målspråket. Først utvidar elevane ordforrådet sitt, deretter skal dei byggje hus som inneheld både ein bustaddel og ein butikk – og pappfolk. Undervegs skal dei skrive, lese inn og leggje fram ein tekst om arbeidet sitt. Til slutt skal dei gå på besøk i husa til kvarandre, stille spørsmål og lage dialogar på målspråket.
AKTIVITET
- Ha ei idémyldring om hus- og butikkord på målspråket i plenum.
- Elevane lagar hus, butikkar og menneske i mindre
- Elevane skriv små tekstar om produkta sine på målspråket. Kva slags butikk er det? Kven bur i bustaddelen? Osv.
- Elevane går inn på Norden i Skolens lydordbok og undersøkjer, korleis hus- og butikkord blir uttalte på målspråket (Lydordboka inneheld berre ei avgrensa mengd ord).
- Læraren/klassen vel no mellom ei digital eller analog framvising:
Digital framvising:
- Elevane tek bilete av husa.
- Dei legg inn tekst og bilete digitalt – f.eks. i verktøyet Book Creator.
- Elevane les inn tekstane sine som lydfiler og/eller legg dei fram munnleg.
- Elevane lyttar til at dei andre gruppene les opp (følg ev. med på teksten).
- Klassen går gjennom nye og ukjende ord på målspråket i plenum og øver på uttale.
Analog framvising
- Elevane gjer husa sine klare til framvising.
- Elevane øver på setningar og/eller ord på målspråket, som dei bruker til å fortelje om huset sitt.
- Elevane presenterer husa sine for dei andre gruppene.
- Elevane noterer nye eller ukjende ord på målspråket frå presentasjonane til dei andre gruppene.
- Klassen går gjennom nye og ukjende ord på målspråket i plenum og øver på uttalen.
Logg inn for å lesa meir