Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Hvilken er vilken?

I denne øvinga får elevane sjansen til å øve på dei skandinaviske spørjeorda på ein leiken måte. Grunnprinsippet går ut på at elevane saman i for eksempel par eller gruppe skal kunne setje saman rett spørjeord med rett språk.

 

Slik fungerer det: 

 

1) Begynn med å laste ned vår ferdige PDF-fil  med spørjeord på dansk, bokmål, nynorsk og svensk. Alle grupper får kvar sitt utskrivne papir, og får etter dette nokre minutt på å lese gjennom og øve på spørsmåla.

Du kan med fordel også gå gjennom orda med heile klassen, og øve på å uttale dei, samt finne på enklare spørsmål de kan omsetje saman (kvar bur du, kor mange søsken har du...).

 

2) No skal tabellen klippast i bitar - det skal vere eitt spørjeord på kvar papirbit. Spar på bitane der sjølve ordet viser og bland saman resten av papirbitane. Elevane skal etter dette bygge opp tabellen på nytt.

Øvinga kan også utførast saman med heile klassen ved å eksempelvis skrive ned orda på A4-papir og rekonstruere tabellen på ein vegg i klasserommet.

 

Delta deretter gjerne i ein framtidas skulechat og briljer med dei nye kunnskapane dykkar!

Logg inn for å lesa meir

Mål

Elevane lærer dei skandinaviske spørjeorda og kan legge merke til skilnadar og likskapar i staving og uttale.


Førebuing

Gå gjennom spørjeorda i klassen før elevane byrjar å ordne papirstykke parvis. La gjerne elevane finne på enkle spørsmål og gå gjennom korleis desse kan omsetjast til dei ulike skandinaviske språka; for eksempel "kvar bur du?", "kor gamal er du?" og så vidare.


Matriale

- Udskrivne ordlister til klassen:
   Spørjeord - PDF

 

- Saks

Bilete

kva.png