Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Norden i akryl

norden i akvarell.jpg

Skildring

Gjennom farge og form inviterer aktiviteten «Norden i akryl» til ei kunstnarisk oppdaginsferd i nærmiljøet. Her skal elevane bruke akrylmåling og farga papirutklipp til å lage ein kollasj av viktige ting i livet deira. Kvar elev utarbeider eit sjølvstendig verk, som blir sett saman til eitt stort kunstverk.

«Norden i akryl» er ein opplagd aktivitet å gjere saman med vennskapsklassen, som kan gi elevane høve til å sjå og forstå seg sjølv i jamføring med  jamaldringar i Norden.

Aktivitet

Individuelt:

 

  • Gå ut og sjå deg rundt. Finn ein farge du tykkjer er den viktigaste i landskapet akkurat no. Ikkje bruk meir enn 5 minutt på dette.

 

  • Førebu deg på å måle akryl i den fargen du har funne i landskapet + ev. tre andre fargar.

 

  • Lag eit mønster på eit svart A3-karduspapir.

 

  • Al akrylen tørke, og ta eit kvitt A3-karduspapir.

 

  • På det kvite papiret skal du teikne dei 10 aller viktigaste tinga i livet ditt. Dei skal vere på mellom 3 og 7 cm.

 

  • Gi farge til teikningane, og teikn rundt dei med svart tusj.

 

  • Klipp ut tinga og samle dei i ein stor haug.

Felles:

  • Læraren samlar alle akrylbileta til eitt stort bilete. Ta stilling til kva verk som passar saman, og korleis dei samla dannar ein større heilskap i eit stort bilete.

  • Når de har funne heilskapen, limer de alle A3-bileta på ein rull golvbeskyttelsespapir. Bruk lim og lim dei slik de har bestemt. Utnytt heile flata på golvbeskyttelsespapiret.
  • Lag ei ramme av gaffateip rundt kanten på fram- og baksida av det store biletet (det styrkjer biletramma når det skal hengjast opp).

  • 4 elevar tek stilling til kvar alle dei små teikningane skal plasserast på det store biletet for å lage eit fint visuelt uttrykk. Lim teikningane på biletet.
  • Finn ein høveleg stad på skolen der det fine biletet kan henge. Bruk fiskesnøre til å hengje det opp.
  • Kva tankar vekkjer kunstverket hos deg, og korleis trur du det ser ut i andre nordiske land?

Vennskapsklasseaktivitet

For dei som har ein vennskapsklasse, høver det godt å gjere «Norden i akryl» som ei fellesaktivitet og sende det ferdige kunstverket til kvarandre.

  • Heng opp kunstverket frå vennskapsklassen og legg merke til likskapane og skilnadene.
  • Korleis opplever de kunstverket til vennskapsklassen?
  • Del opplevinga med vennskapsklassen gjennom å skrive brev eller snakke på videochat.
Logg inn for å lesa meir

Takk til: Kom med det gror i Nord

Forfattar: L. Wernblad, B. Aggerbæk, J. Bachmann & B. F. Johannesen

Produksjonsår: 2019

Pedagogiske konsulentar: Dorthe Lilli Lambertsen

Mål


Førebuing


Matriale