Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Norden i fletting

norden i flet.jpg

Skildring


Gjennom ord, bilete og form blir elevane i den kreative aktiviteten «Norden i fletting» utfordra til å tenkje over kva som eigentleg kjenneteiknar Norden. På kva område er vi like, og kvar er vi ulike? Alt etter kva innspel elevane sjølv kjem med, kan aktiviteten leggje opp til samtalar om likskapar og skilnader i kulturar, språk, tradisjonar, natur osv.

«Norden i fletting» resulterer i eit stort, fargerikt fletteteppe pryda av nordiske 3D-figurar og små dikt.


Aktivitet

 

I grupper:

  • Innleiande refleksjon: Diskuter kva som kjenneteiknar livet i Norden. På kva område er vi like, og på kva område er vi ulike (f.eks. språk, natur, kultur osv.)? Skriv ned dei viktigaste nøkkelorda. Dei skal nyttast seinare.

 

Individuelt:

  • Välj två remsor från högen och sätt ihop dem så det blir en lång remsa. Gör detta tills det inte finns fler remsor i högen.
  • Klipp 5 cm breie remser av svart A3-karduspapir langs med den eine sida.

  • Gå på jakt etter spennande overflater i klassen, på skolen og kanskje utomhus (f.eks. borken på trestammar eller eit kumlokk). Legg ei svart remse på overflata, og skrap med lyse fargeblyantar eller krit. Slik overfører de mønsteret til dei svarte remsene.
    • Du kan òg teikne mønstera på remsene med lyse fargeblyantar eller krit. Men lag eit mønster gjennom å gjenta same forma fleire gonger.

  • Samle alle remsene i ein felles haug (du kjem ikkje nødvendigvis til å jobbe vidare med dine eigne remser).

  • Vel to remser frå haugen, og set dei saman slik at dei blir ei lang remse. Gjer dette til det ikkje er fleire remser att i haugen.

 

I grupper:

  • Flett åtte av dei lange remsene, og lim dei saman slik at dei dannar eit kvadratisk «fletteteppe».

  • Skriv nøkkelord frå den innleiande refleksjonen på teppet med ein kvit tusj.

  • Set dei mange kvadratiske fletteteppa på ein vegg med klebemasse («lærartyggis»). Set dei saman slik at endane møtest og blir eit gigantisk fletteteppe.

 

Individuelt:

  • Vel eit ord frå den innleiande refleksjonen, og lag det som ein 3D-figur (svart og kvit kartong). Figuren kan ikkje vere større enn ein neve. Den kan anten vere lett å kjenne att eller abstrakt i uttrykket. Teip eller lim kan brukast så lenge teipen ikkje er altfor synleg.
  • Set 3D-figuren din på det store teppet.

  • Lag eit dikt om Norden på minst fire linjer, der noko nordisk er med i kvar linje. Det treng ikkje nødvendigvis rime.

  • Heng opp dikta ved sida av teppet.
Logg inn for å lesa meir

Takk til: Kom med det gror i Nord

Forfattar: L. Wernblad, B. Aggerbæk, J. Bachmann & B. F. Johannesen

Produksjonsår: 2019

Pedagogiske konsulentar: Dorthe Lilli Lambertsen

Mål


Førebuing


Matriale