Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Nyheiter på nabospråk

nyheter-grannspr-box.jpg

SKILDRING

I Danmark, Noreg og Sverige er det TV-kanalar for barn og unge. Her er det mykje brukbart stoff, og alle tre kanalane har nyheitssendingar som er laga for barn og unge. Desse er DRs Ultra Nyt (dansk), NRKs Supernytt (norsk) og SVTs Lilla aktuelt (svensk).

 

I denne aktiviteten skal elevane trene opp lytteforståinga si ved å sjå ein utvald del av ei nyheitssending på nabospråka dansk, norsk eller svensk og deretter skrive eit samandrag av innslaget. Ta gjerne utgangspunkt i ferske og mest aktuelle nyheitssendingar – det gjer aktiviteten mest mogleg relevant og verkelegheitsnær.

 

 

AKTIVITET

  • Snakk saman i klassen om nyheiter generelt (avsendar, mottakar, kontekst, bodskap osv.).
  • Sjå ein utvald del av ei nyheitssending på eit nabospråk for første gong.
  • Drøft i klassen kva sendinga handlar om (kva har vi forstått?).
  • Sjå sendinga igjen og skriv ned stikkord mens de ser den for andre gong.
  • Gå saman i klassen igjen (har vi forstått meir?).
  • Læraren forklarer ev. vanskelege ord i nyheitssendinga.
  • Elevane skriv eit kort samandrag.
  • Sjå nyheitssendinga for tredje og siste gong.
Logg inn for å lesa meir

Mål

  • å forbetre lytteforståing på dansk, norsk eller svensk ved å lytte til ei nyheitssending som er laga for barn og unge


Førebuing

 

Find aktuelle nyhedsudsendelser på forhånd.
Vælg mellem følgende nyhedsprogrammer for børn og unge: 

Finn aktuelle nyheitssendingar på førehand.
Vel mellom desse nyheitsprogramma for barn og unge:

 

Bruk Norden i Skolens lydordbog til å finne ev. ukjende nabospråksord


Matriale

  • datamaskiner, nettbrett, mobiltelefonar eller prosjekter i klasserommet
  • papir og blyant til å skrive samandrag