Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Snøggskriving av ein song

hurtigskrivning.jpg

Skildring


Elevane skal i fellesskap dikte ein song som skildrar livet deira i eit nordisk land. Elevar og læraren vel i fellesskap temaet/temaa til songteksten, og byrjar ein aktivitet med snøggskriving. Formålet med snøggskriving er å døye over-eg-et (den indre dommaren), slik at orda kan flyte utan å bli målte og vegne.

 

Dei første skriveoppgåvene er individuelle, mens elevane avsluttar skriveprosessen i grupper. Opplegget kan avsluttast med å knyte ein melodi til elevtekstane.

 

Aktivitet

Snøggskriving går føre seg slik at ein gjennomfører fire rundar på 5 minutt. Dei første rundane går føre seg individuelt, mens dei siste to går føre seg som gruppeaktivitetar.

 

Individuelt:

  • Teikn ei sol med 10 strålar på eit A4-ark. I midten av sola skriv du eit tema som de i fellesskap har blitt einige om.

  • Runde 1: Skriv 10 stikkord til temaet ut i kvar solstråle (5 minutt).

  • Runde 2: Skriv 10 setningar der minst eitt av stikkorda er brukt (5 minutt).

 

I grupper (maksimalt 6 elevar): 

 

  • Runde 3: Vel to gode setningar, og skriv to nye setningar knytte til dei valde setningane. Setningane skal rime med enderim (fem minutt).
  • Runde 4: Rett setningane slik at språket blir klart og tydeleg (5 minutt).

 

Val av melodi

Før de vel melodi, er det nødvendig å drøfte kva for ei grunnstemning teksten har. Er teksten trist, melankolsk, mørk, lys, glad, sint, dyster osv.? La melodien underbyggje teksten ved å vere i anten moll eller dur.

 

Når de har diskutert dykk fram til kva stemning de ønskjer å vekkje med teksten dykkar, kan de halde fram med melodiarbeidet. Vel mellom to framgangsmåtar:

 

  • A: Vel ein av songane frå temaet Norden syng, og bruk han som grunnlag for å byggje opp songteksten. Tilpass teksten dykkar etter verseføter og stavingar, slik at det blir mogleg å syngje songen på melodien de har valt.
  • B: Lag dykkar eigen melodi, og tilpass teksten etter verseføter og stavingar.

Logg inn for å lesa meir

Takk til: Kom med det gror i Nord

Forfattar: L. Wernblad, B. Aggerbæk, J. Bachmann & B. F. Johannesen

Produksjonsår: 2019

Pedagogiske konsulentar: Dorthe Lilli Lambertsen

Mål


Førebuing


Matriale