Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Songskriving

Sangskrivning.png

Skildring


Elevane skal i fellesskap dikte ein song som skildrar livet deira i eit nordisk land. Temaet for songen er ikkje fast, men blir utvikla i samarbeid med elevane i skapingsprosessen. Det elevane har på hjartet, er det som skal syngjast.

 

Aktivitet

 

Felles i klassen:

  • Nemn ord og ting som viser kva som er spesielt for landet ditt. Nemn deretter ord og ting som er felles for heile Norden. Drøft i klassen kva likskapar og skilnader som kjem til syne.
  • Skriv ned 10 ord/ting som verkeleg betyr noko for det. Del orda med kvarandre i klassen, og drøft kva som fyller livet dykkar her og no.

 

 

I grupper (2–3 personar):

  • Finn samanhengar mellom orda de har vald, og del dei inn i ulike tema.
  • Skriv ei setning (som i eit dikt eller ein songtekst) for kvart tema.

  • Vel den setninga de liker best, og skriv ei ny linje som rimer på den. Så er songskrivinga i gang!

  • Dikt no ei ny setning som heng saman med dei to andre, men ikkje rimer. Denne setninga skal innehalde kjensler/sansar og ein farge.

  • Byt no den siste setninga dykkar med ei anna gruppe, slik at alle grupper får ei setning dei ikkje har laga sjølv. Dikt ei ny linje som rimer på setninga de har fått.

 

 

Felles i klassen:

  • Alle gruppene les teksten sin høgt for klassen.
  • Vel ut i alt 8 setningspar (anten linje 1 og 2 eller 3 og 4), som skal vere med i den endelege songteksten. Bli einige i klassen om kva for 8 par det skal vere, og skriv dei 8 setningspara ned på kvart sitt stykke papir/papp (gjerne så stort som mogleg).

  • Heng dei 8 setningspara opp på tavla slik at de kan flytte rundt på dei. Set i fellesskap setningane saman til ein endeleg songtekst (vers og refreng, dikt eller den forma som ser ut til å funke).

  • Kva kjensler eller kva stemning framkallar teksten? Vurder kva melodi eller akkordskisser frå «Kom med det gror i nord»-songane som passar best til teksten, eller leik dykk fram til ein annan melodi.
    • Om de vel å lage melodi- og akkordsamansetjinga sjølv, så snakk om dur og moll – glad, trist, sint og/eller dei kjenslene som no finst. Deretter skal de forsøkje å forme melodien til den stemninga de har funne fram til at de vil uttrykkje.

 

Här kan ni lyssna på en sång skriven av en klass på Åland:

Logg inn for å lesa meir

Takk til: Kom med det gror i Nord

Forfattar: L. Wernblad, B. Aggerbæk, J. Bachmann & B. F. Johannesen

Utgjevingsår: 2019

Pedagogiske konsulentar: Dorthe Lilli Lambertsen

Mål


Førebuing


Matriale

 

 

  • Noter: Dur der Dur - PDF