Helena Berglund og Sine Sværdborg
SKILDRING
I denne aktiviteten blir elevane sende på ei djuptgåande oppdagingsferd etter likskapar og skilnader mellom dansk, norsk og svensk. I aktiviteten skal elevane farge ord i ein tekst raude, gule og grøne (som i eit trafikklys) for slik å bli meir bevisste om likskapar og skilnader mellom språka og oppdage typiske mønster. Metoden resulteter i eit visuelt bilete av kor nært i slekt dei skandinaviske språka er.
Trafikklysmetoden fungerer samstundes som ein stor spegel ein held opp framfor sitt eige språk. I samband med fargelegginga av nabospråket blir elevane konstant tvinga til å reflektere over korleis deira eige språket eigentleg ser ut, og kva val som er blitt gjorde der. Aktiviteten styrkjer såleis den språklege bevisstheita til elevane.
AKTIVITET
- Elevane fargar ord i ein tekst på nabospråket med desse fargane etter desse reglane:
- Grøn = ord som betyr det same og blir stava likt.
- Gul = ord som betyr det same, men blir stava litt forskjellig.
- Raud = ord som ikkje finst på eins eige morsmål.
- Elevane har no tre kategoriar med ord dei skal arbeide med på ulike måtar:
a) Grøne ord er på plass
Grøne ord skaper ingen (trafikale) problem, sidan dei er felles på begge språka. Dei treng elevane derfor ikkje bruke meir tid på no.
b) Gule ord skal på tavla
Gule ord er interessante, sidan dei framhevar dei små likskapane og forskjellane som finst mellom dansk, norsk og svensk. Læraren ber alle elevane om å fortelje om eit av orda dei har gula ut, og skriv det samtidig på tavla. Strek under dei bokstavane som gjer orda ulike. Skriv nabospråksordet først og deretter ordet på eige morsmål.
Eksempel (her med svensk som nabosprpåk og dansk som morsmål):
gata = gade
lär = lær
liknar = ligner
hennes = hendes
Når tavla er fylt med ord, skal elevane leite etter språklege mønster/tendensar. Finst det likskapar/skilnader som går att fleire stader? Elevane skal i 5 minutt aleine forsøkje å oppdage desse mønstera/tendensane og notere dei på eit ark.
Klassen drøftar oppdagingane i plenum. Har elevane funne fram til det same? Test gjerne ut oppdagingane i ein ny tekst.
c) Raude ord skal på scenen og veggen
Samle dei raude orda på ein plansje (ev. laga som eit stort flagg) på klasseveggen. Kvar elev skriv eit raudt ord på plansjen, så lenge det ikkje allereie står der (legg til omsetjing på eige språk i parentes).
For å smake på orda som berre finst på nabospråket, skal elevane lage ein kort sketsj / eit skodespel for klassen i små grupper. Sketsjen/skodespelet kan føregå på eige morsmål, men minst 5 av dei raude ord (gjerne fleire) frå plansjen skal vere med. Framfør sketsjen/skodespelet for klassen.