Filmtilbodet på Norden i Skolen

filmbillede.jpg

Norden i Skolens filmpakke består av ei perlerekkje av over 40 utvalde kort- og dokumentarfilmar. Filmane er på språk frå alle dei nordiske landa, og ein kan velje undertekstar på åtte ulike nordiske språk: dansk, norsk bokmål, norsk nynorsk, svensk, finsk, islandsk, færøysk og grønlandsk. 

 

Alle filmane er del av spennande undervisningstema som er retta mot bestemte klassetrinn. Eit oversyn over undervisningstema står i lista under:  

1.–3. klasse

4.–6. klasse

7.–10. Klasse

Vidaregåande

 

Til kvar film er det oppgåver som er relaterte til bestemte undervisningstema og rettar seg til ulike klassetrinn, med både tekstar, dikt og musikk. Filmpakka er såleis eit spennande alternativ til undervisninga i nabospråk.

Norden i Skolens filmtilbod gir lærarane høve til å arbeide med dei nordiske språka på ein ny og annleis måte. Filmpakken bidrar til å vekkje interesse hos elevane for språket og kulturen i nabolande – og får dei til å dukke ned i dei mange moglegheitene og opplevingane som følgjer med ei større nabospråksforståing.

For å få tilgang til filmar, oppgåver med meir, må ein lage seg ein brukar på www.nordeniskolen.org.