Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Er bioenergi grøn energi?

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Energiforbruk Emne Jorda Kjemi Luft Økosystem Type Tekst
Er bioenergi groen energi

Bioenergi slepper ut CO2 når det blir forbrent, akkurat som olje og naturgass. Det er likevel betre for miljøet enn fossile brennstoff fordi typen CO2 som slepp ut, inngår i eit naturleg krinsløp på jorda. Olje og gass har vore gøymt i jorda i millionar av år. Når vi forbrenner det, blir atmosfæren vår, lufta omkring oss, tilført CO2 som har vore gøymt så lenge at ikkje lenger inngår i det naturlege krinsløpet i naturen.

 

Bioenergi kan òg ha store negative miljømessige og sosiale konsekvensar om det ikkje blir produsert riktig. Avhengig av kva biomasse som blir produsert, kan produksjonen av bioenergi føre til at skog blir felt, og at store landområde blir rydda for det opphavlege dyre- og plantelivet. Om bønder vel å nytte jorda til avlingar som skal brennast i staden for å etast, kan det føre til matmangel, auka matprisar og diskusjonar om kven som eig jorda og kva ho skal nyttast til. Derfor er det viktig å vurdere mange faktorar ved bruk og produksjon av bioenergi.


Bruk med omhug

Når bioenergi blir produsert på ein måte der ein tenkjer over dette, kan det vere ei naturleg kjelde til energi, og vi kan unngå å sleppe ut nytt CO2 til atmosfæren. Bioenergi kan òg bidra til å redusere mengda av andre luftforureinande stoff som svovel og nitrogenoksid, som finst i olje og kol, men ikkje i biomasse.

 

Som sagt er eit av dei viktigaste argumenta for bioenergi at vi kan redusere bruken av olje og kol, og at vi dermed blir meir uavhengige av å importere energi utanfrå. Av dei nordiske landa er det i dag berre Noreg som produserer meir olje og gass enn landet forbruker, medan Danmark har vore sjølvberga i perioden mellom 1997 og 2013.

 

Eit anna godt argument for bioenergi er at det hjelper landbruket med å løyse ei rekkje forureiningsproblem. Gylle kan nemleg òg nyttast til å produsere biogass, og det bidrar til å redusere miljøpåverknaden frå landbruket.

 

I norsk og i svensk samanheng kan bruk av bioenergi erstatte ein del av produksjonen frå vass- og kjernekraftverk. Det betyr at kjernekrafta kan utfasast raskare, og det at ikkje er behov for å byggje så mange demningar for å utnytte vasskrafta.


Økonomien

For mange menneske er det økonomisk attraktivt å nytte bioenergi. Ikkje minst for dei fattigaste på jorda er bioenergi den einaste reelle moglegheita for å få nok varme og laga til mat. I Sverige, Noreg og Finland har mange menneske òg direkte tilgang til å hogge ned tre i skogen for å fyre i vedomnar.

 

Prisen for produksjon av energi med biobrensel for større energiverksemder svingar ikkje like mykje som prisen på olje og gass, og derfor er det meir stabilt å investere i bioenergi. Derfor ser vi òg i dag at det er aukande interesse for å utnytte avlingane i naturen i større grad enn vi har gjort tidlegare. Det er naturleg gjenbruk.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Beskriv skilnaden på bioenergi og fossil energi. Kva skilnader og likskapar finst? Kva er fordelane og ulempene?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Bioenergi er ei naturlig energikjelde når det til dømes blir laga bål. Skriv ein leirbålsong og spel han inn. Han kan godt handle om korleis vi best sparer energi. Send songen til vennskapsklassen.