CO2-utslepp og forureining frå det stigande straum- og energiforbruket i verda har fått mange forskarar til å leite etter alternativ til olje, gass og kol som våre primære energikjelder. Det finst også andre måtar å avgrense utsleppa våre ved energiproduksjon på. Ein av dei blir kalla «Det intelligente elsystemet».
Det intelligente straumnettet – Smart Grid
Intelligent straumnett blir oftast omtalt med sitt engelske namn: Smart Grid. Omgrepet blir nytta som ei fellesnemning for styring av alle elementa i straumnettet, dvs. både produksjon i kraftverk, vindmøller og solceller, transport gjennom leidningar og styring av forbruket.
Når vinden blåser eller sola skin, blir ein større og større del av elektrisiteten i Norden produsert ved hjelp av vindmøller og solceller. Denne elektrisiteten blir produsert utan å sleppe ut CO2, og er dermed betre for miljøet enn produksjon frå kol- eller gasskraftverk. Problemet er at vi enno ikkje har funne ei god løysing for produksjon av elektrisitet, og når vi plutseleg blir avhengige av å nytte energien, når det anten blåser eller sola skin, må vi organisere straumnettet vårt på ein ny måte slik at energien blir nytta når han er der – og tilsvarende at vi nyttar mindre om det er overskya eller vindstille. Derfor kallar ein vind- eller solenergi for fluktuerande energi. Det betyr at energimengda heile tida er i endring.
Når vi vil utnytte sol og vind i energiproduksjonen vår, må det nordiske energisystemet gjerast meir fleksibelt. Kraftverka er i dag berekna for å produsere store mengder elektrisitet i jamt tempo, og det er veldig vanskeleg å auke eller redusere kor mykje som blir produsert i t.d. eit atomkraftverk – mens eit gass- eller vasskraftverk er veldig fleksibelt. Om vi skal ha elektrisitet i stikkontakten når meir av energien kjem frå vind og sol, blir det òg viktig at nokre av kraftverka kan opnast og stengjast. Ein snakkar om at straumnettet skal gjerast intelligent. Det betyr i denne samanhengen at datamaskiner og målarar heile tida held auge med kor mykje energi som blir nytta og kor mykje som blir produsert, og at dei raskt kan gi beskjed til vanlege kraftverk om produksjonen frå vindmøller og solceller ikkje er nok.
For den enkelte forbrukaren betyr det intelligente straumnettet noko heilt anna. For å kunne tilpasse elektrisitetsforbruket til mengda som blir produsert, må det utviklast metodar for å få både verksemder og vanlege husstandar til å bruke energien på bestemde tidspunkt. Dette kan gjerast på ulike måtar. T.d. kan det intelligente straumnettet følgje med på om det er mykje eller lite elektrisitet tilgjengeleg i området. Om det er mykje, kan frysaren eller kjøleskapet bli ekstra kaldt – for så å stå i lengre tid uten å nytte energi når det plutseleg ikkje er så mye energi tilgjengeleg. Det intelligente straumnettet kan òg nytte batteriet i elbilar, varmen i elektriske vassvarmarar eller nyttast til å stoppe produksjonen i verksemder i nokre timar, når forbruket er høgt andre stader eller det ikkje er så mykje elektrisitet tilgjengeleg.
Fjernavlesne straummålarar
Ein viktig føresetnad for at verksemder og forbrukarar skal bli ein del av det intelligente straumnettet, er at det blir plassert ut automatiske straummålarar som heile tida kan følgje med på kor mykje elektrisitet som blir nytta. Dette arbeidet er i gang over heile Norden, og vil halde fram i det kommande tiåret. Endringar i straumnettet er vanskelege og krev mykje pengar og at alt er gjennomtenkt, slik at vi ikkje plutseleg står utan elektrisitet. Derfor krev det lang tid å innføre nye ting.