Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Korleis kjem vi fram?

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Teknologi og produksjon Emne Fossilt brensel Tema Energiforbruk Type Tekst
Hvordankommervifrem.JPG

Bilar, bussar, fly, tog og skip. Vi ferdast rundt på jorda som aldri før i historia. Vi omgåst kvarandre og lærer om nye skikkar og historier ved å reise. Vi handlar varer med kvarandre som aldri før, og vi et eksotisk frukt og krydder som nesten ingen i Norden hadde høyrt om for berre 100 år sidan.


Å reise er å leve

Ein snakkar om at verda har blitt mindre, og sjølv om det sjølvsagt ikkje stemmer, så stemmer det i alle fall at det no er mogleg å reise til dei fjernaste delane av kloden, og å dra frå Hammerfest i Nord-Noreg til Gedser sør i Danmark utan at det er rekna for å vere noko spesielt. Det kallar ein ein dagstur.

 

Transportbehovet vårt har auka, og moglegheitene våre for å reise er betra. Vi byggjer stadig fleire vegar, tunellar og flyplassar. For at dette skal kunne vere mogleg, må vi nytte energi, mest i form av bensin og diesel, og derfor er transporten vår eit av områda som skaper mest CO2-utslepp.

 

Det fantastiske med bensin og diesel er at dei inneheld store mengder energi utan å fylle mykje. Vi kan køyre 1000 kilometer på éin tank med bensin, og det er vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, å venne seg til at bilen må fyllast opp med drivstoff etter 50 kilometer. Dette har vore tilfellet for dei første elbilane. Samstundes kan bensin og diesel fyllast på bilen på få minutt. Ein elbil må kanskje ladast i tre–fire timar før ein kan køyre vidare.


Kollektivtransport

Nettopp fordi behovet for å transportere både varer og oss sjølv er så stort, er det òg eit område det blir forska veldig mykje på.

 

Buss, tog, bybane, T-bane,trikk og andre typar kollektivtransport er ein måte å unngå store CO2-utslepp på. Sjølv om eit tog eller ein buss slepper ut langt meir CO2 enn ein personbil, er den samla mengda CO2 per person mykje mindre, fordi mange menneske deler same transportmiddel. Den vanlegaste måten å rekne ut forureining på er CO2-utslipp per kilometer per person, og den blir som regel rekna i eininga kg CO2 per personkilometer. Nedanfor ser du ei utrekning av ei reise frå Kiruna i Sverige til Århus i Danmark med tog, bil og fly.

 

undefined

 

Det er òg gode grunnar til å bruke kollektivtransport når det er mogleg, sjølv om ein sjølvsagt òg må ta med i utrekninga at turen overfor tek meir enn dobbelt så lang tid med tog som med fly. Vi må òg innsjå at kollektivtransport fungerer best der det bur mange menneske, og mellom store byar. Andre stader bør det finnast andre alternativ.


Alternativ transport

I staden for bensin og diesel kan bilar køyre på elektrisitet. Ein elektrisk motor slepper ikkje ut CO2, og er mykje meir effektiv enn bensin- og dieselmotorar. Han utnyttar òg energien betre. Ein elektrisk motor utnyttar ca. 80 prosent av energien, mens ein vanleg bensinmotor utnyttar 35 prosent. Ein elektrisk motor må ladast opp med elektrisitet, og produksjon av straum slepper ut CO2. Det er derfor ein stor fordel om ein kan lade opp elbilen ved hjelp av sol- eller vindenergi.

 

Dei fleste elbilar er dessverre dyre og kan ikkje køyre så langt på ei opplading. Derfor blir det òg forska på alternativ til bensin og olje som inneheld like mykje energi – t.d. bioetanol som blir utvinna av plantar. Forskarar ved DTU i Danmark har fleire gonger sett verdsrekord i å køyre lengst på éin liter bensin, seinast i mai 2014 då bilen køyrde meir enn 500 km på éin liter.

 

Det blir òg forska på meir spektakulære løysingar for transport i framtida. Til dømes blir det bygd eit gigantisk luftskip i California i USA med prosjektnamnet «Pelikanen», som kan erstatte fly til transport. Vi har òg rikmannen Elon Musks prosjekt som heiter Hyperloop. Ideen er at ein skal kunne reise raskare enn lyden – ca. 1300 km i timen – i små elektriske sylinderforma vogner som flyt på ei pute av luft, litt som teknikken i eit lufthockey-bord. Det betyr at ein kan reise frå Los Angeles til San Fransisco på ca. ein halvtime. Og det er 640 km.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Kollektivtransport har både fordelar og ulemper. Beskriv kva som er bra, og kva som er dårleg. Finst det stader der kollektivtransport er betre eigna enn andre? Diskuter korleis ein i framtida kan sikre at kollektivtransporten blir utnytta mest mogleg hensiktsmessig. Kan de bli einige i klassen?

    • 2Temaoppgåve

      Lag berekningar mellom fire ulike byar på www.ecopassenger.org på drivstofforbruk og CO2-utslepp. Kva tankar gjer du deg om framtidas transport? Kva meiner du vi skal gjere for å sikre at verdas CO2-utslepp knytt til transport i framtida blir mindre? Svar med ein PowerPoint eller liknande, slik at svaret kan bli brukt til ein presentasjon i klassa.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Korleis kjem vi fram i framtida? Sjå for dykk framtida om 20 år, og dra på ei reise frå skolen dykkar til vennskapsklassen. Korleis kjem de dykk dit? Skriv ei forteljing, ei novelle, eit teaterstykke eller ein film som fortel historia om turen. Det kan vere ei skildring av sjølve turen, eller ei forteljing om reisa etter at de har kome fram. Om de kom fram, då ...