Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Karbonkrinslaupet

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Stoff og energi Tema Energikjelder Emne Kjemi Fossilt brensel Type Tekst
Kulstofskredsløb.JPG

 

Klimaendringane i dag er nært knytte til det som skjer med spesifikke grunnstoff på jorda. Eit av dei viktigaste grunnstoffa er karbon. Karbon finst i alle levande organismar, alt fra plantar til dyr og menneske. Karbon ligg òg lagra i dødt plante- og dyremateriale.

Kolet vi nyttar, er danna av restar frå plantar som levde for 300 millionar år sidan. Olje og naturgass stammar frå algar og plantar som for 100–150 millionar år sidan sokk ned til botnen av havet. Så når det brenn i peisen, er det jo òg «eit dødt tre» som fyrer opp flammane. Ved brenning av slikt brensel går karbonet saman med oksygen og dannar CO2 som blir sleppt ut i atmosfæren.


Du produserer CO2 når du pustar

Du produserer òg CO2, sjølv om mengda ikkje påverkar drivhuseffekten. CO2 er derimot eit heilt naturleg produkt av pusting. Når du pustar, tek lungene opp oksygen frå lufta. Oksygenet blir ført rundt i kroppen gjennom blodet. Denne prosessen sørgjer for at musklane dine får oksygen til forbrenning av maten du et. Eit av avfallsstoffa er CO2, som blir ført attende til lungene i blodet. Derfrå blir CO2-molekyla førte ut med den utgåande pusten.


Plantane nyttar CO2 og produserer oksygen når dei veks

Plantane har blitt kalla for luftas avfallsoppsamlarar fordi dei reinsar lufta for CO2. Plantane treng CO2 for å vekse. Ved hjelp av sollyset kan plantane gjere CO2 og vatn om til både karbohydrat, feitt og protein – og samstundes er eit av restprodukta oksygen (O2). Takk vere plantane kan atmosfæren altså halde fram med å halde seg frisk og innehalde oksygenet som er avgjerande for dyr og menneske. Prosessen som oppstår når plantar lagar sukker (glukose), kan skildrast slik:


6 CO2 + 6 H2O + lys-energi –> C6H12O6 (glukose) + 6 O2


Det har faktisk nesten alltid vore ein fin balanse mellom CO2-mengda som dyr og menneske lagar, og mengda CO2 som plantane nyttar. Men denne balansen blei broten etter at vi for nokre hundre år sidan for alvor byrja å nytte energi. Problemet er at vi i løpet av få hundre år har brent kol som har teke millionar av år å bli til. Avskoging er òg medverkande til den auka drivhuseffekten. Når store område med tre vert felte, finst det færre tre som kan ta opp CO2 frå lufta og lage viktig oksygen i atmosfæren.


Evig syklus

Karbonet sirkulerer altså i eit evig krinslaup. Når kroppen din forbrenner mat, blir karbon gjort om frå eit organisk stoff til CO2. Og når plantane tek opp CO2, blir karbonet nok ein gang gjort om til eit organisk stoff. Karbonet kan lagrast i organiske stoff i kortare eller lengre tid. Når du et ein tomat, er det kort veg frå CO2 til kroppen din. Men når du et kjøt, har karbonet allereie gått ein tur gjennom graset via fordøyinga til dyret, til det blir biff av det.


Andre stadar har karbonet vore lagra i millionar av år. Det gjeld t.d. i olje og bensin. Der har karbonet vore lagra sidan alge- og planterestar blei fanga i lufttomme sprekkar under vatnet, der dei blei liggjande og rotne og sakte blei gjorde om til olje.


Før var tre, tremasse, torv og brunkol dei einaste energikjeldene menneska hadde. Disse blei nytta til å lage mat, varme opp bustader og til smelting og omarbeiding av metall til t.d. sverd og andre våpen. Men i dag er ikkje energi berre eit hjelpemiddel for mennesket. Det er ei naudsynt drivkraft for alle industrisamfunn. Spørsmålet er kor mykje og kva slags energi vi kan tillate oss å nytte i framtida om vi ønskjer å unngå å miste kontrollen over klimaet. 

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Gjer greie for karbonkrinslaupet. Teikn krinslaupet og forklar prosessane undervegs.

    • 2Temaoppgåve

      Kva er fotosyntese? Forklar prosessane i fotosyntesen og bruk ei teikning av eit blad for å forklare korleis og kvar fotosyntesen skjer.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Ta bilete av ting som inneheld karbon. Forklar korleis dei inngår i karbonskrinslaupet og korleis neste steg i krinslaupet kan vere for det du har teke bilete av. Send bileta og forklaringane til vennskapsklassen. Les og sjå forklaringane og bileta deira.