Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Fordelar og ulemper med kjernekraft

Fordele og ulemper ved kernekraft

 

Kjernekraft er mykje i søkjelyset i våre dagar. Det er blant anna fordi kjernekraft er ein velkjend teknologi som raskt og effektivt kan produsere store mengder energi – energi som ikkje skaper CO2-utslepp i like stort omfang som fossile brennstoff. Men kjernekrafta har òg mange motstandarar – spesielt etter ulukka på atomkraftverket Fukushima i Japan i 2011 har fleire land valt å stengje atomkraftverk – blant dei Sverige og Tyskland.


Forkjemparane

Forkjemparane meiner at kjernekraft er blant dei mest miljøvennlege energiformene fordi kjernekraft ikkje skader miljøet med CO2.

Eit anna argument er forsyningstryggleik, som er viktig når ein skal planleggje energiforsyninga i samfunnet. Om straumforsyninga sviktar, går samfunnet i svart. I kjernekraftverk nyttar ein uran som brensel. Fordelen med det er at uran finst mange stader i verda, mens dei samla reservane av kol, olje og naturgass i verda er fordelte på relativt få land. Dessutan er det uranbrensel nok i verda til fleire hundre års forbruk eller meir. I dag blir under 1 prosent av energien i uranbrenselet utnytta, men med nye reaktorar vil vi kunne utnytte opptil 90 prosent av energien. Det krev til gjengjeld store investeringar. Eit nytt stort kjernekraftverk kostar om lag 15–25 milliardar kroner, og det tek oppimot 15 år å byggje.

Det tredje argumentet til forkjemparane er at det er forholdsvis billig å produsere straum ved kjernekraft, og straumen ein produserer, er heller ikkje så følsam for svingingar i uranprisane. Det er fordi sjølve uranprisen berre utgjer om lag 5 prosent av dei samla utgiftene til å drive eit kjernekraftverk. Når ein nyttar olje, naturgass eller kol, utgjer prisen på dei 60–70 prosent av driftsutgiftene. Derfor merkar ein det raskare på prisen om dei fossile brennstoffa blir dyrare. I framtida vil hydrogen kanskje bli ein viktig del av energisystemet, og det er lett og billig å framstille hydrogen ved å nytte energien frå eit kjernekraftverk.


Motstandarane

Motstandarane meiner på si side at kjernekraftverk er farlege fordi dei produserer radioaktivt avfall som det er innfløkt å lagre trygt. Her er det snakk om sterkt radioaktivt avfall som gi alvorlege helseskadar. Utfordringa er å lagre avfallet trygt så det ikkje kan skade menneska som lever på jorda i dag, eller generasjonane som kjem etter oss. I framtida reknar vi med å deponere avfallet 500 til 1000 meter under bakken i blant anna underjordisk fjell eller leire. Det er særs viktig at det blir gjort i geologisk stabile område utan risiko for til dømes jordskjelv. Det er òg viktig at det ikkje kan skje forureining av grunnvatnet. Avfallet må liggje i depota i fleire tusen år før det ikkje er farleg meir. I blant anna Finland og USA diskuterer dei for tida om avfallet skal lagrast trygt i 10.000 eller 100.000 år.

Motstandarane er òg bekymra for risikoen for ulukker der radioaktivt materiale blir sleppt ut til omgivnadene. Dessutan fryktar motstandarane at land med kjernekraftteknologi lett vil kunne lage atombomber.

 

Ueinigheit om framtida

Den amerikanske organisasjonen NEI, som er forkjemparar for bruk av atomkraft, anslår at det er 435 aktive kjernekraftver i drift i verda i mai månad 2014, som dekkjer litt meir enn 12 prosent av det samla straumforbruket i verda. Grunna den eksplosive auken i energiforbruket er det eit fall på nesten 3 prosent på berre få år sidan land som Kina i høg grad produserer elektrisitet ved forbrenning av fossile brennstoff. Dei anslår i tillegg at 72 kraftverk er under oppføring.

Det er flest kraftverk i industrialiserte land. Men i Kina og India er det planlagt store utvidingar av kjernekrafta. Òg i Iran vil leiinga veldig gjerne satse på kjernekraft. Det er problematisk fordi mange av dei vestlege landa ikkje stoler på at Iran berre vil nytte kjernekraftverka til fredeleg føremål. Det er frykt for at kraftverka vil bli nytta til å produsere atomvåpen. Det betyr at det akkurat no er ein veldig spent situasjon her.

Sjølv om det ikkje er kjernekraftverk i Noreg og Danmark, nyttar begge landa likevel kjernekraft som energikjelde. Både Noreg og Danmark er nemleg tett sambundne med Finland og Sverige med straumkablar. I Sverige skjer 46 prosent av straumproduksjonen ved vasskraft, 45 prosent blir produsert med kjernekraft, og berre 8 prosent ved hjelp av gass, olje og kol. Den siste prosenten kjem frå alternative energikjelder som til dømes vind. I Finland står kjernekrafta for litt under ein tredjedel – 33 prosent – vasskraft for 20 prosent, mens olje, gass og kol dekkjer 47 prosent.

I Sverige har dei planar om å stengje alle kjernekraftverka på lengre sikt. I Tyskland er dei òg i gang med å leggje ned kraftverka. Men i andre europeiske land har dei så vidt byrja å satse på kjernekraft igjen. Det gjeld land som Finland, Frankrike og England.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Beskriv fordelane og ulempene ved atomkraft. Kva meiner du? Skal energiforbruket vårt i framtida dekkjast av atomkraft i staden for ved forbrenning av fossile brennstoff?

    • 2Temaoppgåve

      Iran er eit av landa som ønskjer at energiforsyninga i framtida skal komme frå atomkraft. I Iran ønskjer ein derfor å etablere fleire nye atomkraftverk. Det er mange vestlege land redde for. Bruk internett til å søkje etter t.d. «Irans atomkraftprogram» og undersøk kvifor dei vestlege landa er redde for at Iran skal byggje atomkraftverk.

      Beskriv kvifor, og presenter di eiga meining. Korleis skal Iran få energi om dei ikkje får etablere atomkraftverk?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Det er berre to land i Norden som bruker atomkraft til straumforsyninga: Sverige og Finland. I Sverige har ein vedteke å stanse utbygginga av atomkraft og leggje ned atomverka. I Finland har ein i staden valt å satse på moderne teknologi og byggje nye atomkraftverk som bruker energien langt betre i brennstoffet.

      Avtal med vennskapsklassen kven som skal vere motstandarar og kven som skal vere tilhengarar, og lag kvar dykkar presentasjon som inneheld argument anten for eller mot. Send presentasjonane til vennskapsklassen og gjennomgå argumenta deira.