Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Ulukker og konsekvensar

ulykker og konsekvenser.jpg

Mange menneske assosierer atomkraft med namn som Three Mile Island, Tsjernobyl og Fukushima. Desse tre namna er nært knytte til dei tre største atomkraftulukkene i historia. Atomkraftulukker skjer heldigvis sjeldan, og det blir konstant arbeidd med å forbetre sikkerheita på verka – men når slike ulukker skjer, kan det få svært store konsekvensar.  


Three Mile Island

Ulukka på Three Mile Island er den verste atomulukka som har skjedd i USA. Ho fann stad 28. mars 1979 i Harrisburg i Pennsylvania. Då smelta mesteparten av reaktorkjernen, men heldigvis beskytta veggane på kraftverket effektivt mot strålinga, og berre litt radioaktivitet blei sleppt ut til omgivnadene. Ulukka byrja med ein feil i tilførselen av kjølevatn. Feilen førte til at verket stoppa automatisk – for å unngå ulukker.

Arbeidarane på verket var derimot usikre på korleis situasjonen skulle handterast, og stoppa nedkjølinga i to periodar, noko som førte til at reaktorane kom ut av kontroll. Som sagt var innkapslinga i bygningen veldig sterk, og utsleppet var derfor minimalt. Men reaktoren i atomkraftverket blei hardt skadd. Oppryddingsarbeidet tok nesten 12 år og er anslått å ha kosta meir enn 1 milliard dollar. Ulukka var eit av dei første handfaste bevisa på at atomkraftverk kan vere farlege. Dermed fekk atomkraftmotstandarane meir vind i segla.


Tsjernobyl

Det starta som ein heilt vanleg torsdag morgon i Ukraina i dåverande Sovjetunionen. Det enda med å bli tidspunktet der den kanskje største kjernekraftulukka i historia fann stad. Om ein høyrde på radioen dei dagene då ulukka skjedde, kunne ein høyre journalistane rapportere om registreringar av alvorlege aukar i radioaktiviteten – men ingen visste kvifor. Sovjetunionen forsøkte lenge å skjule det som hadde skjedd. Ulukka skjedde 26. april 1986 då kjernekraftverket i Tsjernobyl i Nord-Ukraina eksploderte. Reaktoren var ikkje som alle dei vestlege reaktorane – han var ikkje omgitt av ei reaktorinnkapsling – og eksplosjonen sende ei sky av radioaktivt materiale ut i atmosfæren, som spreidde seg til mange land. Samane nord i Skandinavia opplevde dei neste dagane og vekene ein markant auke i radioaktivitet i reinsdyrflokkar, og heile reinsdyrnæringa blei truga. 28 menneske døydde og mange fleire fekk strålingsskadar like etter eksplosjonen. I åra etter ulukka blei ca. 300 000 menneske evakuerte frå områda rundt Tsjernobyl, og mange har aldri kunna vende tilbake. I åra etter ulukka fekk mange menneske sjukdommar av strålinga dei blei utsette for.

I 1989 vitja ei gruppe nordiske ungdommar området i Tsjernobyl i samband med samarbeidsprosjektet Next Stop Sovjet, og 3000 ungdommar utnytta at den dåverande presidenten i Sovjetunionen Gorbatsjov langsamt opna grensene. Dei reiste rundt i landet for å byggje nettverk og etablere samarbeid på tvers av grensene. Tre år etter ulukka var det fortsatt ei 30 kilometer lang sone rundt kraftverket som var ueigna å bu i, og arbeidarane i området måtte kvar dag måle radioaktiviteten i huda og kleda. Ei stor mengd misdanna barn blei registrert, og det var forbode å ete avlingar frå markene.

Det har vore vanskeleg å finne den nøyaktige årsaka til ulukka på kraftverket i Tsjernobyl. Men ulukka var så stor fordi reaktoren ikkje var innkapsla i betong og stål. Difor var det ingenting som sperra radioaktiviteten inne. Ulukka blei så alvorleg fordi dei tilsette hadde gjort nokre farlege forsøk, og fordi konstruksjonen til reaktoren ikkje var sikker nok.


Fukushima

Japan får ein stor del av elektrisiteten sin frå kjernekraft. Kjernekraftverka er ofte strategisk plasserte ved vatnet, fordi det krev store mengder vatn heile tida for å halde prosessen under kontroll.

Den 11. mars skaka eit jordskjelv grunnfjellet i Japan med ein styrke som målte 9 på Richter-skalaen. Sjølv om Japan ofte opplever jordskjelv, var dette så kraftig at det gjorde ein katastrofe endå verre – jordskjelvet øydela òg ein del av atomkraftverket i Fukushima, og dermed oppstod det ein kjedereaksjon av ulukker og ei nedsmelting av fleire av reaktorane på kraftverket, som sende radioaktiv forureining ut i både lufta og vatnet. Arbeidet med å evakuere befolkninga og stoppe kraftverket før det kom ut av kontroll, tok fleire månader og kosta fleire tusen menneskeliv.


Konsekvensar

Eit kjernekraftverk ute av kontroll stiller ikkje berre spørsmål om den påfølgjande strålinga, men har òg konsekvensar for korleis folk oppfattar kjernekraft. Fukushima 11. mars blei eit symbol på lik linje med 11. september 2001 i New York då terror skaka Amerika og resten av den vestlege verda. Kjernekraftverk blei før 11. mars 2011 sett på som eit middel mot den globale oppvarminga. Etter ulukka vedtok fleire land å stengje kjernekraftverka sine. 

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Etter ulukka på Fukushima-verket 11. mars 2011 valde mange land å stengje atomkraftverka sine. Vel ei av dei tre ulukkene som blir skildra her: Three Mile Island, Tsjernobyl eller Fukushima, og finn avisartiklar som omtaler dei. Beskriv ulukka og undersøk kva reaksjonar som stod i avisene i dagane etter ulukka.

    • 2Temaoppgåve

      Skriv ein stil der det skjer ei ulukke på det nærmaste atomkraftverket. Vinden blåser det radioaktive avfallet i retning huset ditt. Kva gjer du? Kva skjer?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Lag ein kollasj med avisutklipp av ulukkene de kjenner til som er knytte til atomkraft. Kva ord går igjen? Kva bilete blir brukte? Send kollasjen til vennskapsklassen. Er det skilnad på korleis ulukkene blir omtalte i dei andre nordiske landa?