Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Forskarane er ueinige

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Ressursar Emne Jorda Klima Kjemi Type Tekst
forskerneeruenige.jpg

Det er neppe mange område som får deltakarane til å vise kjensler som klimadebatten. Det er på ein måte paradoksalt, fordi klimadebatten er ein debatt som stort sett handlar om vitskaplege argument.

Om du søkjer etter «klimadebatten» på nettet, er det enkelt å finne debattar mellom menneske som deg og meg som diskuterer om global oppvarming verkeleg finst, om ho er skapt av menneske, og kva det eigentleg betyr for oss. Når debatten blir så oppheta, skuldast det kanskje at det handlar om måten vi lever livet på.

Om det stemmer at vi med levesettet vårt forureinar og øydelegg jorda – skal vi slutte å køyre bil? Slutte å fly på ferie – eller slutte å kunne kjøpe grønsaker året rundt på matbutikken? Spørsmålet om klimadebatten er med andre ord sentralt for spørsmålet om korleis vi som menneske skal leve livet vårt.


Eit vitskapleg panel

Fordi spørsmålet inkluderer så mange problemstillingar, blei FN i 1987 einige om å stifte IPCC. IPPC står for Intergovernmental Panel on Climate Change og er i dag staden der mesteparten av forskinga om klima blir samla og kommentert. Det er ikkje IPCC som står for forskinga, men dei gjennomgår med jamne mellomrom alt dei finn – for deretter å kommentere det og komme med råd om kva som bør gjerast.

Om lag kvart femte år blir dei såkalla Assessment Reports gitt ut. Det er store, samlande rapportar om klimaet på jorda. Arbeidet er delt inn i tre delar: årsakene, konsekvensane og moglegheitene for handling i samband med klimaendringar.

IPCC har så langt gitt ut fem slike rapportar (1990, 1995, 2001, 2007 og 2013). I oktober 2014 var mange av verdas leiarar samla i København for å diskutere rapporten frå 2013.

Den nyaste rapporten er den av dei fem som er mest tydeleg. Rapporten seier at viss vi ikkje for alvor kjem i gang med å spare på energien og redusere CO2-utsleppa, kan temperaturen stige med heilt opptil 4,8 gradar jamført med temperaturen for 100 år sidan. Som vi ser allereie no, fører dei store CO2-utsleppa til at temperaturen på jordkloden stig, og dermed smeltar isen på polane, Grønland og Antarktis. Dette fører igjen til at havet stig. Klimapanelet anslår at havet vil stige med mellom 26 og 82 centimeter mot slutten av hundreåret.

Dette vil blant anna føre til at vêret blir meir ekstremt. Det vil komme fleire hetebølgjer som varer lenger. Etter kvart som jorda blir varma opp, vil dei noverande våte regionane få meir regn, og dei tørre regionene vil bli endå tørrare. Mange menneske vil bli nøydde til å flytte, og jorda vil bli ufruktbar slik at det kan bli vanskeleg å skaffe mat. Det kan igjen føre til krig og store flyktningstraumar som vil få store konsekvensar overalt.


Vitskap og befolkning

Meir enn 90 prosent av vitskapsfolka i verda er einige i konklusjonane frå IPCC. Mange menneske har likevel fått inntrykk av at det er usikkerheit eller ueinigheit blant klimaforskarane om det skjer ei oppvarming av klimaet og om denne oppvarminga er menneskeskapt. Det er ikkje enkelt å forstå kva klimaendringar er. Og vi kan heller ikkje sjå dei.

Når vi har somrar då det regnar heile tida – eller når det ikkje kjem snø på ein heil vinter – snakkar mange menneske om klimaendringane. Men når det kjem snø neste år, tenkjer mange at klimaendringane ikkje stemmer. Vêret og klimaendringane er på same tid noko ulikt og det same. Når ein jobbar med klimaendringar, ser ein på gjennomsnittet av mange tal. Ein ser på mange år og mange område samstundes. Det er blant anna dette som gjer det vanskeleg å forstå. Som menneske opplever vi jo berre klimaet der vi er.

I ei undersøking frå 2009 blant 3146 forskarar svarte 90 prosent ja på om gjennomsnittstemperaturen på jorda har stige sidan 1800-tallet, og 82 prosent oppgav menneskeleg aktivitet som ei vesentleg årsak. Andre undersøkingar viser at det i befolkninga herskar ei heilt anna forståing. Ei samtidig amerikansk undersøking viste at berre 58 prosent av amerikanarane meinte at menneskelege aktivitetar er skuld i den globale oppvarminga. Ei nyare dansk undersøking viser at 71 prosent av befolkninga i Danmark er einige eller heilt enige i at gjennomsnittstemperaturen på jorda er stigande, medan 60 prosent er einige eller heilt einige i at oppvarminga er menneskeskapt.


Ueinigheitene

Som sagt finst det òg vitskapsfolk som er ueinige i IPCCs konklusjonar. Dessverre har ikkje denne debatten vore ein god, vitskapeleg debatt der ueinigheitene har ført til betre argument i ein god tone. Tvert imot har det blitt meir ein diskusjon mellom to sider som ikkje toler kvarandre. 

Overfor forskarane som seier at dei noverende klimaendringane først og fremst skuldast eit menneskeskapt utslepp av drivhusgassen CO2, står ei gruppe forskarar som meiner at klimaendringane vi opplever no, ikkje er særleg annleis dei klimaendringane vi har sett dei siste par hundreåra – og endå lenger tilbake.

Hovudargumentet til motstandarane er at temperaturendringar i langt høgare grad enn utslepp av drivhusgassar skuldast auka eller redusert aktivitet på sola. Det er nemleg ein samanheng mellom kosmisk stråling – som hovudsakeleg kjem frå sola – og korleis atmosfæren på jorda oppfører seg. Desse forskarane viser til dømes til at temperaturstigingar og -fall langt tilbake i tida er i samsvar med kor mykje kosmisk stråling det har vore på jorda.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Søk etter IPCC på Internett. Kva slags organisasjon er det? Kor mange medlemmer har han? Kva gjer dei? 

    • 2Temaoppgåve

      Søk på Internett etter «ipcc 5th report on climate change». Det er IPCCs femte rapport om klimaendringar, som blei gitt ut i 2013 og 2014. Beskriv hovudresultata i rapporten.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Søk på nettet etter «Global oppvarming» og «Klima» og finn debattar i t.d. aviser der vanlege menneske debatterer klimaproblem. Finn nokre typiske innlegg og les gjennom dei.

      Beskriv debatten, er tonen god? Verkar han seriøs? Send døma til vennskapsklassen og jamfør med døma deira.