Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

print

Lærarrettleiing Nordisk skolechat: klima

INTRODUKSJON OG FORMÅL

I temaopplegget «Nordisk Skolechat: Klima» skal elevane jobbe med tekstar og oppgåver om energi og klimaendringar som tar utgangspunkt i deira eige land og kvardagsliv. Arbeidet leiar til deltaking i ein spennande nordisk skulechat om klima med elevar frå dei øvrige nordiske landa på den offisielle nordiske klimadagen, 11. november 2021 frå kl. 13.00 til 14.00 (CET).  

Undervisningsopplegget passar for elevar i 7.-10. klasse. Elevane skal jobbe med oppgåver som tar utgangspunkt i FN sine berekraftsmål nr. 7, 12 og 13. Desse handlar om rein energi til alle, ansvarleg forbruk og produksjon og å stoppe klimaendringane.

Til elevoppgåvene er det eit svarark som elevane skal fylle ut undervegs – både når dei arbeider med oppgåver på eigahand og i samband med felles oppsamlingar i klassa. Svararket skal hjelpe elevane med opplysningar og fakta som dei blant anna kan bruke i skulechatten om klima.

 

Tidsplan

Elevane skal gjere forarbeid, heimearbeid, chat og etterarbeid. Enkelte oppgåver kan ein evevntuelt utelate dersom ein er pressa på tid eller dersom klassa har jobba med tilsvarende emne tidlegare.


undefined



OPPBYGGING AV OPPLEGGET

Oppgåve 1:

Korleis kan energiforbruket vårt bidra til klimaendringar?

 

Tidsbruk: 30 min. (dersom klassa allereie har jobba med dette, kan ein hoppe over denne oppgåva)

 

Mål: Elevane skal forstå og kunne fortelje kva energikjelder som bidreg til klimaendringar, kva klimaendringar er, og kva ein kan gjere for å redusere energi- og straumforbruk.

Forklaring: Klassa blir delt inn i tre grupper. Kvar gruppe les tekstar, jobbar med tilhøyrande spørsmål og presenterer svara dei har kome fram til for dei andre i klassa. Elevane kan fint også jobbe saman to og to. 

 


Materiale:
Gruppe 1: Om klimaforandringar
Gruppe 2: Om naturgassIslands primære energikildeOm vindkraftOm vasskraftOm solenergi
Gruppe 3: Fremtidas energiforbrukar

 

 

Oppgåve 2:

Lag ei oversikt over korleis dykkar land produserer energi 

Tidsbruk: 20 min.

Mål: Elevane skal forstå og kunne fortelje kva energikjelder som blir brukt til å produsere energi, og korleis desse bidreg til å skape klimaendringar.

Forklaring: Elevane skal jobbe i grupper på maks fire elevar. Dei skal lese ein tekst og arbeide med følgjande spørsmål:

  • Kva energikjelder blir brukt til straumproduksjon?
  • Kva energikjelder bidreg minst til klimaendringar?

Du rettleiar dei undervegs med å finne fram til svara. Der er inga felles oppsummering.

 

Teksten finn du her.

 

 

Oppgåve 3:

Undersøking av kvar elevane bruker straum heime (heimearbeid)

Tidsbruk: Intro til oppgåva: 10 min. Heimearbeid: 20-30 min. Oppsummering om det ein har funne ut av heime: 20 min.

Mål: Elevane skal undersøke kvar dei bruker elektrisitet heime hos seg sjølv, og sjå på kvar dei kan spare på elektrisiteten.

Forklaring: Du skal introdusere skjemaet som elevane skal bruke til å skrive ned dei ulike elektriske apparata dei har heime på. Dette skjemaet blir brukt som utgangspunkt til ein prat heime i familien om kvar ein eventuelt kan spare på straumen.

 

Når elevane har fylt ut skjemaet heime skal de felles i klassa samle opp og snakke om kva apparat det blir brukt straum på i heimane.

 

 

Oppgåve 4:

Tankekart

Tidsbruk: 30 min.

Mål: At elevane finn ut av korleis dei kan vere med på å redusere klimaendringar ved å bruke mindre energi.

Forklaring: Elevane skal to og to bli einige om fem forslag til kva dei kan gjere for å bruke mindre straum.

På tavla skal det lagast eit felles tankekart der alle para legg fra sine forslag. 

 

undefined

 

 

Oppgåve 5:

Kva går chatten ut på?

Tidsbruk: Førebuing 25 min. Nordisk Skolechat: 45-60 min.

Mål: Elevane skal få kjennskap til energikjelder i Norden og diskutere ansvarleg forbruk i ein internasjonal (nordisk) samanheng. 

Korleis melder du klassa di på?
’Nordisk Skolechat: Klima’ går av stabelen den 11. nov. kl 10-11 (CET). For å melde på klassa di må du:

a) Opprette ein brukar på Norden i skolen.
b) Melde på klassa di her.

Les deg opp på konseptet på sidene "Om Nordisk skolechat" og "Konsept: Temachatten" før skulechatten. Det kan vere ein god ide at elevane sit to og to saman i chatten, slik at dei kan hjelpe kvarandre med å forstå kva dei andre nordiske elevane seier og svare på spørsmåla som blir stilte.

Det er ein fordel dersom elevane har svararka frå tidlegare framfor seg under chatten. Dermed kan dei støtte seg på dette når dei skal fortelje om landet sitt og svare på spørsmål. 
På svararket skal elevane også skrive ned opplysningar og svar som dei får undervegs i chatten. 

I chatten kjem det opp spørsmål som elevane kan snakke med kvarandre om. Desse kan for eksempel vere:

  • Kva energikjelder bruker landet deira for å produsere energi og elektrisitet?
  • Kva energikjelder bidreg til klimaendringar?
  • Korleis kan dei redusere straumforbruket sitt?
  •  … og haldningsspørsmål til klimaendringar

 

Opgåve 6:

Avsluttande diskusjon i klassa

 

Tidbruk: 20 min.

 

Drøft følgjande spørsmål med kvarandre:

  • Kva likskapar og skilnadar finn de mellom dykkar eige land og dei andre sitt?
  • Bruker dei nordiske landa dei same energikjeldene til å produsere elektrisitet?
  • Kva lærte de om dei øvrige nordiske landa som de ikkje visste før chatten? 
  • Kva løysingar for ei berekraftig framtid fekk de snakka med andre nordiske unge om?
  • Kven har ansvaret for å kjempe mot klimaendringane - og kor mykje kan du påverke som individ?
Logg inn for å lesa meir

Pedagogiske konsulentar: Charlotte Hansen