Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Mål og middel

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Ressursar Emne Jorda Kjemi Klima Type Tekst
maalogmidler.jpg

 

Folk flest er einige om at verda må redusere mengda klimagassutslepp og då spesielt CO2-utslepp – men korleis kan vi gjere det?

No til dags er det spesielt vestlege land og land som Kina og India som forureinar med CO2. Det oppstår ei stor utfordring når ein snakkar om å redusere mengda CO2 i atmosfæren: Korleis kan ein redusere mengda CO2 samstundes som mange utviklingsland får lov til å utvikle seg slik at dei ikkje forblir i situasjonen dei er i no? Det krev vanlegvis at desse landa i ein periode kan sleppe ut meir CO2 enn dei gjer i dag. Men det krev òg at utviklinga i utviklingslanda baserer seg på rein teknologi frå starten av.

I 1997 gjekk ei rekkje land i verda inn ein avtale om å arbeide for eit betre klima. Avtalen heiter Kyoto-avtalen. Han tredde i kraft i 2005, og gjaldt fram til 2012. Meininga med avtalen var at det skulle bli laga ein ny på COP15-toppmøtet i København i 2009, men det skjedde dessverre ikkje. Dette kan du lese meir om i avsnittet «Politikarane er ueinige». For nokre land blei avtalen derfor forlengd fram til 2020. Enkelte land har derimot òg valt å trekkje seg heilt ut av han. USA har t.d. aldri vore med, og Canada valde i 2011 å trekkje seg frå avtalen. I Kyoto-avtalen har kvart av dei ulike landa forplikta seg til å redusere dei globale klimaendringane som skuldast avskoging og utslepp av klimagassar som CO2, NO2 og CH4, og enkelte industrigassar.

 

undefined

 

Som vist i tabellen ovanfor samsvarer ikkje arbeidet i dei nordiske landa med målet. Det er dessverre òg eit generelt bielte som kjem fram når arbeidet blir målt. 

Kjøp av CO2-kvotar

Dei ulike landa har bl.a. blitt einige om å overhalde visse CO2-kvotar – det vil seie visse mengder CO2 som kvart land kan sleppe ut. Men i Kyoto-avtalen finst det òg tre spesielle alternativ som gjer at eit industriland kan komplettere innsatsen sin på «heimebane» med andre tiltak:

  1. Ein kan, til dømes, betale for å forureine ved kjøp av CO2-kvotar frå eit land som ikkje nyttar heile retten sin til å sleppe ut CO2.
  2. Eit industriland kan bidra til å utvikle og investere i energieffektiv teknologi i utviklingsland som ikkje har forplikta seg til å redusere CO2-utslepp – vanlegvis fordi dei ikkje forureinar særleg mykje. Dette kan innebere teknologi som reduserer CO2-utslepp. Men det kan òg vere teknologi eller dyrkingsmetodar som aukar opptaket av CO2, som t.d. ved å nyplante regnskog. Her tel arbeidet delvis som ein reduksjon av industrilandets eige CO2-utslepp.
  3. Eit industriland kan bidra til å utvikle og investere i energieffektiv teknologi i eit anna industriland – vanlegvis eit austeuropeisk land. Her tel òg arbeidet delvis som ein reduksjon av industrilandet sitt eige CO2-utslepp.


Desse tre spesielle ordningane heng bl.a. saman med at forureining med klimagassar er eit globalt problem. Så i prinsippet er det viktigare at det skjer ein reduksjon, enn kvar han skjer.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Kva er ein CO2-kvote? Forklar korleis handel med CO2-kvotar i teorien kan avgrense utsleppet av drivhusgassar til atmosfæren. Forklar òg kva problem som finst med metoden.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Lag ein reklamekampanje som skal selje CO2-kvotar, og send han til vennskapsklassen dykkar. Kva argument bruker vennskapsklassen? Er det dei same som dykkar? Eller nokon andre?