Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Om klimaendringar

Omklimaforandringer.jpg

 

Klimaforskarar frå heile verda er einige: Klimaet har endra seg altfor raskt dei siste åra. Vi – menneska over heile kloden – må gjere noko raskt dersom vi skal sørgje for at den globale oppvarminga blir avgrensa til 2–3 °C over nivået som var før industrialiseringa tok til for nokre hundre år sidan. Elles risikerer vi å miste kontroll over situasjonen. Dette er ein av konklusjonane i ein rapport som blei publisert våren 2014 av FNs klimapanel, IPCC. 

Den globale temperaturen: Den globale temperaturen har stige med ca. 0,8 grader celsius dei siste 100–150 åra (kjelde: Danmark Meteorologiske Institut).


Isen: Sidan 1960 har området med arktisk havis blitt halvert frå ca. 8 millionar kvadratkilometer i september til drygt 4 millionar kvadratkilometer (kjelde: UKCIP).


Klimagassane: Dei viktigaste gassane som påverkar klimaet, er: karbondioksid (CO2), metan (CH4), dinitrogenoksid (N2O) og vassdamp (kjelde: Center for Klimaforskning).

Stigande temperaturar

Temperaturen på Jorda stig stadig. Kanskje får vi palmar i dei sørlege delane av Skandinavia i næraste framtid, og isen på Grønland og i Arktis smeltar i høgt tempo. Det høyrest kanskje ikkje særleg ille ut – men det er det. Ubehagelege ting følgjer dei tilsynelatande meir behagelege forandringane.

Ubehagelege sjukdommar som malaria og kolera kan spreie seg grunna forureina vatn. Vêret kan bli meir ekstremt med tørke, kraftige regnskol, hetebølgjer, stormar og orkanar. Når store isbrear og polarisen smeltar, renn det mykje meir vatn gjennom elvar, og havnivået stig, som igjen fører til alvorlege flaumar – store landområde kan forsvinne. Tørke kan bli eit endå større problem i land som allereie lid av mangel på regn. Men kvifor endrar klimaet seg så raskt akkurat no? Og kva kan vi gjere med det?


Drivhuseffekten

Hovudproblemet er det som heiter drivhuseffekten. Denne effekten oppstår av drivhusgassar som t.d. CO2 (karbondioksid), CH4 (metan) og NO2 (dinitrogenoksid). Drivhusgassane held effektivt på varmen til jorda – på same måte som eit drivhus held på varmen. Drivhuseffekten må vere der – elles hadde ikkje menneska kunna leve på jorden. Men det må vere ein hårfin balanse slik at det ikkje kjem for mykje drivhusgassar i atmosfæren. 

CO2 er den store syndaren

CO2 er den vanlegaste drivhusgassen og er følgjeleg den gassen som aukar drivhuseffekten mest. CO2 blir danna ved forbrenning av fossile brensel som kol, olje og gass. Ekspertar i FNs klimapanel, IPCC, har rekna på kor mykje CO2-utsleppet må reduserast for å halde oss under faregrensa for å miste kontroll over klimaet. I den femte klimarapporten som blei publisert i vår og haust, står det blant anna: 

«Ei avgrensing av oppvarminga til 2 °C inneber ein reduksjon i utslepp av klimagassar i 2050 på 40–70 prosent jamført med 2010.»


                                    Kjelde: DMI og IPCC


Mange menneske stadig utan elektrisitet

Det finst framleis meir enn 1 milliard menneske på jorda som må leve utan tilgang til elektrisitet. Og det finst 800 millionar menneske som framleis nyttar brensel som tre og torv som primær energikjelde. Mange av dei lagar til mat over open eld, og blir utsette for alle problema knytta til røyk og brannfare. Ei av dei største utfordringane for framtidas energiforsyning er å sikre at fattige land kan utvikle seg samtidig som vi sparer på energien. Befolkninga i land som Kina og India har i aukande grad byrja å nytte energi på same måte som i vestlege land. Dette set allerede eit monnaleg press på ressursane og har ført til svært store CO2-utslepp. 

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Kva er drivhuseffekten, klimaendringar og global oppvarming? Forklar dei tre omgrepa. Kva forhold har dei tre omgrepa til kvarandre?

    • 2Temaoppgåve

      Kva betydning får global oppvarming om 20 år? Skriv ein stil frå kvardagen din om 20 år. Kva har skjedd med klimaet?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Ta bilete utandørs som illustrerer omgrepet global oppvarming, drivhuseffekten eller klimaendringar. Send dei til vennskapsklassen dykkar. Kommenter bileta frå vennskapsklassen dykkar og send kommentarane tilbake. Kva kjensler og tankar set desse bileta i gang?