Når vinden blåser, blir vindmøllene dreidde rundt og produserer straum. Det betyr dessverre òg at når det ikkje blåser, blir det heller ikkje produsert noko.
Ein kallar alle delane i kjeda som går frå produksjon av straum, transporten gjennom leidningsnettet og heilt til forbrukaren som bruker stikkontakten, for straumnettet.
I eit straumnett må det heile tida vere balanse mellom produksjon og forbruk. Vindmøller produserer bokstaveleg talt straum som vinden blåser, og vindkrafta følgjer ikkje nødvendigvis elektrisitetsbehovet vårt. Det skal straumnettet vere i stand til å handtere. Det medfører som regel ikkje problem om 10 prosent av energien i eit land kjem frå vindkraft. Men ved 20 prosent byrjar det å bli problematisk, og ved 50 prosent vindkraft må heile straumnettet byggjast og innrettast mot at det inneheld store delar vindkraft.
Straumnettet skal kunne følgje med endringane som skuldast vinden. Det krev eit fleksibelt straumnett. Kraftverka skal t.d. kunne skru opp og ned for elproduksjon i takt med om vinden blåser eller ikkje. Forbruket vårt må òg vere fleksibelt. Vi må t.d. i større grad nytte staumen medan han er der. Kanskje må oppvasken og klesvasken takast om natta i staden for om dagen, når det er trykk på straumnettet. Om vi får fleire høgspenningskablar, blir det òg enklare å fordele elektrisiteten over store avstandar.
Fordelar og ulemper
Fordelen med vindkraft er at ei vindmølle skaper 80 gonger meir energi i løpet av levetida si enn det går med til å produsere, vedlikehalde og kassere ho.
Ulempa er at vindmølla berre produserer straum så lenge vinden blåser. Ho kan altså ikkje ta seg av energibehovet vårt aleine. Ho må supplerast med andre energiformer. Ein har heller ikkje funne nokon effektiv metode for lagre den ekstra straumen som blir produsert når det blåser mykje. Her er ei løysning kanskje nær. Overskotsselektrisiteten frå vindmøllene kan nemleg nyttast til å spalte vatn til hydrogen og oksygen. Hydrogenet kan lagrast og nyttast som brensel. Dette kan du lese meir om i avsnittet om hydrogenenergi. Ei anna ulempe med vindmølla er at ho kan vere bråkete og forstyrrande for auget. Mange menneske vil til dømes unngå å sjå rett ut på ein vindmøllepark.
Havvindmøller
Nettopp fordi så mange kjenner seg brydde av vindmøller på land, blir det bygd stadig fleire vindmøller på havet. Det har fleire fordelar. For det første blåser det oftare ved og på havet, og vindmøllene produserer på den måten meir energi. Vindmøllene er heller ikkje synlege der folk bur, om dei blir plasserte ute i havet. Mange havvindmøller blir derfor plasserte i store havvindmølleparkar som fungerer som eit slags kraftverk med svært stor kapasitet.
Ulempene med havvindmøller er at dei er både dyre og vanskelege å vedlikehalde og installere. Det er òg dyrt å transportere straumen til land, der han skal nyttast – men energiselskapa blir etter kvart betre og betre på å finne løysingar. Ei av løysingane heiter HVDC. Populært sagt betyr det at straumen som blir produsert, blir gjord om til ein svært høg spenningsskilnad, på kanskje 400.000 volt. Med så stor spenningsskilnad er det enklare å transportere straum over store avstandar. Sjølv om koparleidningar leier elektrisitet godt, går det likevel energi tapt jo lenger straumen skal transporterast før han skal nyttast. Med større spenningsskilnad reduserer vi energitapet i leidningen.