Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Vindeventyret i Norden

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Energiforbruk Emne Elektrisitet Kjemi Klima Type Tekst
Vindeventyr.JPG

Danmark har vore eit føregangsland i Norden når det gjeld å utvikle vindkraft. I motsetning til dei andre nordiske landa har ikkje Danmark nokon naturlege energikjelder som vasskraft eller geotermisk energi, og oppbygninga av den danske energisektoren skil seg dermed ut frå resten av Norden, då han i hovudsak har vore avhengig av kol til energiproduksjon i kraftverka.

Grunnlaget for den danske satsinga på vindkraft skuldast altså at energikrisa i 1973, då prisen på olje steig svært kraftig, råka Danmark i langt større grad enn dei andre nordiske landa. Det betydde òg at så snart krisa råka, blei det lagt planar for å unngå at ein liknande situasjon skulle oppstå i framtida.

 

Hovudtrekk

Utviklinga av vindmølleindustrien er på dei aller fleste område ei suksesshistorie. Som nemnt var oljekrisa i 1973 startskotet på eit langvarig politisk fokus på å gjere seg uavhengig av importert olje, og det blei derfor gitt mange pengar i støtte til forsking og utvikling av vindmøller i både 1976 og 1978.

Dette store fokuset bar frukter, ikkje minst fordi det var så få andre land som like heilhjarta satsa på å utvikle vindkraft. Den første milepælen blei nådd i 1983, då ein lukkast med å eksportere kunnskap og teknologi til California. Samtidig heldt den økonomiske støtta fram, og landeigarar – til dømes bønder – blei gitt svært gunstige vilkår mot at vindmøller blei installerte på tomtene deira. Heile industrien blei hjelpt av at mange så tidleg var villige til å investere, og at bøndene såg høvet til å tene pengar på å setje opp vindmøller på jordområda der det kanskje ikkje var så gode føresetnader for å dyrke jordbruksprodukt.

I 1985 vedtok den danske staten òg at det skulle stillast krav til at kraftselskapa skulle setje opp vindmøller, slik at dei no kunne ta del i den samla kraftproduksjonen. Energiselskapa blei dermed engasjerte og blei ein viktig del av etableringa av ein effektiv vindmøllesektor. I 1987 blei Brundtland-rapporten gitt ut. Denne sette eit avgjørende fokus på behovet for å omstille kraftproduksjonen til grønare energi. På den tida var Danmark, takk vere sitt langvarige fokus, allereie langt framom i utviklinga av effektive vindmøller, og mange land retta blikket mot Danmark når dei skulle søkje etter grøne energiløysingar.

 


Situasjonen i dag

I dag finst det meir enn 5000 vindmøller i Danmark. Men resten av Norden er òg godt representert. I Sverige finst det nesten 2600 vindmøller, men dei er til gjengjeld meir effektive enn dei danske, og dei produserer allereie nesten like mykje energi som dei meir enn 5000 danske vindmøllene. Det ser ut til at Sverige allereie i 2014 går forbi Danmark som det nordiske landet som produserer mest straum frå vindmøller. Det er først nyleg at Noreg har byrja vise interesse for vindmøller, og landet har om lag 350, medan finsk og islandsk kraft nesten ikkje kjem frå vindmøller i det heile.

I Danmark dekkjer vindmøllene over 20 % av straumforbruket – og i 2013 var talet oppe i over 30 %. Om all straum skulle komme frå vindmøller, måtte talet blitt auka frå dei 5000 vi har i dag, til ca. 25.000 vindmøller av storleiken vi kjenner i dag. I Sverige dekkjer vindmøller berre litt over 1 % av straumforbruket, sjølv om det blir produsert nesten like mykje vindkraft som i Danmark. Det har samanheng med at straumforbruket er langt høgare i Sverige enn i Danmark. Ikkje berre fordi det bur fleire menneske der, men hovudsakleg fordi det finst langt fleire fabrikkar som arbeider med energikrevjande utstyr og teknikkar.

 


Eksport til andre land

Vindmøllene snurrar ikkje berre i Danmark og resten av Norden. Dei har med tida blitt ei viktig verksemd for Danmark, som sel vindmøller til resten av verda – blant anna land som Sveits, Israel, USA, Mexico, New Zealand, India og Kina. Samstundes har store utanlandske vindmøller også komme til Danmark. Det gjeld til dømes vindmøller produserte av Siemens.

Danmark er det landet i verda der det blir produsert flest vindmøller. På lista over verdas 10 største vindmølleprodusentar høyrer to fabrikkar heime i Danmark. Den eine ligg på førsteplass, Vestas Wind Systems A/S, medan den andre ligg som nr. 4. Det er Siemens Wind Energy. Siemens er elles det selskapet som produserer meir enn tre fjerdedelar av alle havvindmøller i verda.

Utviklinga av vindmøller går òg fort. For 20 år sidan kunne dei største vindmøllene produsere 40 kW straum. I dag har dei største vindmøllene 150 gonger så stor kapasitet – 8 MW straum. Det er ingen tvil om at vindmøllene i framtida vil bli endå betre. 
Om berre fem år kan det sikkert byggjast vindmøller med 15 til 20 MW. I dansk energipolitikk blri det satsa på vindmøller òg i framtida. Energipolitikken vil blant anna sikre at det finst eigna plassar til å plassere og teste ut nye typar vindmøller. Dei nye store vindmøllene krev ny utforming. Til dømes er diameteren på rotorblada heilt opptil 200–250 meter, og kvart av blada er opptil 125 meter lange på dei nye kjempevindmøllene som er sette opp i testområdet Østerild Klitplantage i Nordjylland.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Fortel historia til vindmøllene, og illustrer gjerne med bilete. Kva brukte ein vindmøller til i gamledagar, og kva har gjort at vi i dag har så stort fokus på å utnytte energien frå vinden? Kva utfordringar kan det vere med å få straum frå vindmøller?

    • 2Temaoppgåve

      Korleis fungerer ei vindmølle? Finn bilete på nettet og vis korleis vi kan produsere straum med ei vindmølle.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Ta eit bilete i nærleiken av skolen dykkar der de synest ei vindmølle kunne stått. Bruk eit teikneprogram til å illustrere på biletet kvar vindmølla kan stå. Kanskje finst det allereie ei vindmølle i nærleiken. Om det gjer det, ta eit bilete av ho og fortel kvar ho er plassert i forhold til skolen dykkar. Send bilete og skildringar til vennskapsklassen, og diskuter om de synes vindmøller burde setjast opp fleire stader i nærleiken av til dømes skolar.