Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Bioenergi til transport

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Stoff og energi Tema Ressursar Emne Fornybar energi Kjemi Type Tekst
biotiltransportII.JPG

Når vi køyrer bil eller flyr, forbrenner vi store mengder olje i form av bensin eller diesel, som slepper ut store mengder CO2. Den store flåten med fraktskip som transporterer varer rundt mellom landa i verda, forbrenner òg store mengder olje. Moderne bilar, fly og skip har blitt betre til å utnytte drivstoffet, men fordi det òg kjem fleire og fleire bilar på verdsbasis og vi både flyg meir og i stigande grad utvekslar varer med land som ligg langt borte, stig forbruket av olje til transport likevel. På grunn av dette må ein vurdere nye typar brennstoff som ikkje forureinar så mykje. Flytande biobrennstoff ser ut til å kunne erstatte bensinen og diselolja om kanskje ikkje så mange år.


På verdsbasis vert det anslått at ca. 90 prosent av energien som går med til å transportere varer og oss sjølv, kjem frå olje, og at 70 prosent av den samla oljeproduksjonen går til dette formålet.


Kva er biobrennstoff?

Biobrennstoff er plantar, òg kalla biomasse, som blir gjorde om til flytande form i ein kjemisk prosess. Ein snakkar om 1. og 2. generasjons biobrennstoff. 1. generasjons brennstoff blir utvunne av plantar som oftast kan etast. Derfor er det stort fokus på å bruke dei delane av planten som ikkje kan etast – t.d. halmstrået. Dette kallast for 2. generasjons brennstoff. Det er vanskelegare å nytte halm, fordi stoffa halmstrået består av, er vanskelegare å bryte ned kjemisk enn t.d. eit kveitekorn. Når vi som menneske et korn, bryt vi det ned i magen og tarmen og nyttar energien til å leve og vekse. Om vi berre et halm ville vi mangle energi, fordi kroppen vår ikkje kan nytte denne energien.

For at ein skal kunne nytte energien i t.d. halm, må han gjennom ein lang prosess. Halmen skal først kokast under trykk. Deretter tilset ein enzym som bidrar til å bryte ned plantane – som når ein nyttar enzym i vaskemiddelet til å fjerne flekker på klede. Etterpå gjærar ein massen ein sit att med – dette kallar vi ein fermenteringsprosess. Til slutt skal alt filtrerast, og så har ein produsert biobrennstoff i form av rein alkohol – eller etanol, som det òg heiter. Rein etanol kan blandast med bensin og dermed redusere bruken av olje som skader klimaet.

Undervegs i prosessen blir det sortert ut to bioprodukt som òg kan nyttast, nemleg melasse, ein sukkerhaldig sirup, og lignin, som kan nyttast som brensel. Det er avgjerande for kraftverket sin samla energi- og klimareknskap at alle prosessar er så effektive som mogleg, og at alle produkt blir utnytta.


Framtidas biobrennstoff

Når du skal fylle opp bilen med drivstoff i framtida, vil nok bensin vere frykteleg gammaldags – kanskje til og med forbode. Bilar, bussar og lastebilar er noko av det som forureinar mykje med CO2 i dag.

Det som er bra med brennstoff, er at det heile tida fornyar seg sjølv. Det veks til dømes opp nye plantar heile tida. Dette er på ei anna side også avgrensninga med det – det er sjølvsagt avgrensa kor mange plantar og tre som kan vekse til å dekkje forbruket vårt.

Som det ser ut i dag, kan nesten alle bilar allereie køyre på ei blanding av ni delar bensin og éin del bioetanol. Det blir jamvel arbeidd med å lage motorar som kan køyre på rein etanol – eller ei kva som helst blanding av etanol og bensin. Det gjer fleire og fleire bl.a. i Sverige. Dette kallar ein for flexifuel-bilar, fordi dei kan skifte mellom bensin, etanol og ei blanding av begge delar.

Når moglegheitene for å bruke etanol som biobrensel bli større, vil sannsynlegvis fleire og fleire bli interesserte i å utvikle nye avlingar, der éin og same plante kan nyttast til både mat og brennstoff – kanskje òg til å beskytte vassmiljøet, fordi den er god til å ta opp næringsstoff som elles kan forureine til dømes sjøar, elvar og havet.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Biodrivstoff er ein måte å avgrense CO2-utsleppa på når vi ferdast rundt. Skriv ein artikkel der du argumenterer for haldninga di til transport og bruk av biodrivstoff. Ta med minst desse forholda:

       

      1. CO2-utslepp når vi køyrer og flyr
      2. Biodrivstoff som eit alternativ: Er det greitt å dyrke jorda for å produsere drivstoff når ho heller kunne vore brukt til å produsere mat?
      3. Bør vi køyre og fly mindre i framtida for å spare energi? – Kva ville du sjølv vore villig til å gjere?
    • 2Temaoppgåve

      Bruk nettet til å finne opplysningar om biodrivstoff, og forklar: Kva er skilnaden på første- og andregenerasjons biodrivstoff? Kva avlingar eignar seg best til å dyrke framtidas biodrivstoff? Kvifor?

    • 3Temaoppgåve

       

      Forklar prosessen bak produksjonen av biodrivstoff frå plantar.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Skriv ei forteljing til vennskapsklassen om korleis de kjem på besøk ein dag i framtida, når det ikkje lenger finst olje eller bensin. Korleis kjem de dit? Kva opplever de undervegs? Send forteljingane til kvarandre og les dei høgt.

    • 2Vennskapsklasse

       

      Ta bilete av framtidas biodrivstoff som gror i nærområdet dykkar. Lag ein plansje eller ein presentasjon som fortel kvifor plantar er ein god idé som drivstoff i framtida, og send han til vennskapsklassen. Verkar det overbevisande?