Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Energiforbrukaren i framtida

Fremtidenselforbruger.jpg

I dag tenkjer dei færraste over det når dei slår på lyset eller omnen. Det er heilt naturleg at ein berre kan gjere det. I det siste har det blitt meir fokus på at energiforbruket vårt skaper CO2-utslepp og kan forårsake global oppvarming, og det har òg komme fleire og fleire spareråd om å hugse å sløkkje lyset, isolere huset betre og plassere solcellepanel på taket. Likevel stig energiforbruket stadig, både i Norden og resten av Europa.

 

undefined
Kjelde: Entso-e, Electricity in Europe 2013

 

Kartet viser kvar elektrisitetsforbruket har stige og kor det har blitt redusert frå 2012 til 2013. På Island har det stige med meir enn 4 prosent, og i Danmark har det falle med meir enn 4 prosent – men i resten av Norden har det skjedd veldig små endringar.


Korleis nyttar vi energi i framtida?


Utviklinga i energiforbruket akkurat no viser at det er veldig vanskeleg å endre vanane til folk, og derfor er det stort fokus på det. I England har regjeringa bestemt at alle husa skal ha ein liten skjerm som viser kor mykje straum ein nyttar i augeblikket, og i andre land kan ein sjå energiforbruket sitt på iPhone og PC, og generelt sett blir det jobba med å gjere det synleg for oss at vi nyttar energi. Det kan nemleg vere veldig vanskeleg å vite kor mykje energi ein nyttar ved å slå på lyset eller tørketrommelen.

I framtida vil vi kanskje ha datamaskiner som styrer husa våre, så vi ikkje sjølv må tenkje over om vi nyttar for mykje energi.


Fire ulike moglegheiter


Forbruket vårt av og tilgangen på energi kan endre seg i framtida, og det kan få store konsekvensar for levemåten vår. I den store prosjektoppgåva om framtidsskolen her på Klimaduellen er det skrive fire dagbøker frå framtidas Norden, som alle er døme på korleis vi kan leve med energien når vi ikkje lenger har kol og olje.


Eit døme er at vi har funne ut korleis vi kan produsere energien på ein miljøvennleg måte, og at vi utnyttar sola og vinden. Eit anna døme er at vi må spare heile tida, og at vi heile tida må tenkje over kva vi nyttar energien på. Det er ikkje nok igjen.


Eit tredje døme fortel at den globale oppvarminga dessverre har gjort det veldig vanskeleg for nokre menneske å leve på same måte som før, og at det er blitt varmt og vått i dei nordiske landa. Det siste og fjerde dømet er at vi har funne ein balanse mellom forbruket vårt og tilgangen vår til energi. Vi kan berre gjette korleis framtida vil sjå ut. Men vi veit at ho kjem til å endre seg.


Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

       

      Skriv ei dagbok frå framtida. Kor mykje bruker du og familien på energi? Er det mykje energi, eller ingenting igjen? Har det blitt varmare, med meir storm og regn, på grunn av klimaendringar?

    • 2Temaoppgåve

      Korleis bruker du og familien din energi i dag? Lag ei liste over det du hugsar frå i går – der du har brukt energi. Gå gjennom lista og tenk over kva du kunne unnvore. Kva om du sjølv skulle betale?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Skriv ei dagbok frå framtida. Kor mykje bruker du og familien på energi? Er det mykje energi, eller ingenting igjen? Har det blitt varmare, med meir storm og regn, på grunn av klimaendringar? Send dagboka til vennskapsklassen og les dagbøkene deira.