Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Hydrogen til transport

brinttiltransport.jpg

Hydrogen kan brukast som drivstoff til til dømes bilar. Ein hydrogenbil er ein elektrisk bil som bruker brenselsceller til å produsere elektrisitet som driv el-motoren til bilen. I dag kan hydrogenbilar køyre lenger enn elektriske bilar med batteri, og det er mykje lettare å etterfylle hydrogen i ein bil enn å måtte vente på at batteria til bilen er opplada. I dag kan hydrogenbilar køyre 500 km på ein full tank, og etterfyllast på berre tre minutt.  


Utfordringar med hydrogen til transport

I dag finst det svært få stader der du kan fylle hydrogen på bilen, og eit av dei store problema med å innføre hydrogen som drivstoff til bilar er akkurat det. Ein bil er ikkje mykje verd om du ikkje kan køyre dit du vil, fordi du ikkje kan fylle drivstoff.

Hydrogen tek òg meir plass enn tradisjonell bensin eller diesel, og det må derfor oppbevarast i tankar under svært høgt trykk for å presse det saman slik at det tek mindre plass. Det krev mykje energi og gjer bilen tung. Det som er bra med hydrogenteknologien, er at han ikkje forureinar. Mange av dei store bilprodusentane har i mange år allereie vist fram løysingane sine på bilmesser rundt om i verda. Det som manglar, er med andre ord eit rimelegare alternativ til å oppbevare hydrogen slik at det kan etterfyllast på bilane – og deretter kanskje prisen. I dag kostar ein hydrogenbil over 1 million kroner.

Ei anna utfordring er at det i dag blir nytta store mengder med det dyre grunnstoffet platina i konstruksjon av hydrogenbilar. Det ser imidlertid ut som om at forskarane har funne ei løysing på denne utfordringa.

Hydrogen blir derfor den dag i dag sett på som eit lovande alternativ for framtidige transportbehov.


Brenselsceller

Det sentrale punktet med å bruke hydrogen som drivstoff til oppvarming, elektrisitet og transport er brenselsceller. Det skjer i ein kjemisk prosess i brenselsceller der det blir produsert elektrisitet og varme. Hydrogen blir nytta i brenselsceller for å drive prosessen. På eit kraftverk forbrenner vi olje, kol og gass. Sjølv om det kanskje høyrest rart ut med tanke på namnet, skjer det inga forbrenning i ei brenselscelle. I brenselscella blir hydrogen bunde saman med oksygen i ein kontrollert prosess. Oksygenet finst i lufta rundt oss – og når vi kombinerer oksygen og hydrogen, blir det danna vatn og frigitt energi.

Ei brenselscelle liknar litt på eit CD-etui, og består av tre lag som er lagde oppå kvarandre.  

Det øvste og nedste laget er elektrisk. Øvst ligg anoden der hydrogenatoma samlast. Nedst ligg katoden der oksygenatoma samlast. Oksygen og hydrogen vil samle seg saman og danne eit vassmolekyl – men mellom anoden og katoden finst det eit tredje lag som kallast elektrolytten. Brenselscella fungerer ved at oksygenatoma strøymer gjennom elektrolytten og over til hydrogenatoma på anoden. Som nemnt blir det dermed danna vatn – men det blir òg danna eit overskot av elektron. Elektrona kan ikkje passere gjennom elektrolytten, og dermed blir skapt det ein straum av elektron. Eit overskot av elektron som vandrar, kallast òg ein elektrisk straum – altså elektrisitet.

Brenselsceller har avgrensa levetid, og må som regel skiftast ut med jamne mellomrom – vanlegvis etter eit par år.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Forklar prinsippa i ei brenselscelle.

    • 2Temaoppgåve

       

      Teikn ein framtidsbil. Korleis ser han ut? Kva slags drivstoff bruker han? Kor langt kan han køyre? Kva kostar han? Kor mange personar har ein slik ein? Forklar gjerne meir!

    • 3Temaoppgåve

       

      Tidlegare har hydrogen blitt brukt til eit anna flygande transportmiddel. Teikn og fortel om dette. Kvifor blir ikkje hydrogen lenger brukt til dette transportmiddelet?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Teikn og fortel om turen til vennskapsklassen i ein luftballong fylt med hydrogen. Kva skjer undervegs? Kva ser de? Korleis ser landskapet ut der de bur og der vennskapsklassen sin skole ligg? Send forteljingane til vennskapsklassen og les dei for kvarandre.

    • 2Vennskapsklasse

      Løys temaoppgåve 1 – Forklar prinsippa i ei brenselscelle og send løysingane til den nordiske vennskapsklassen dykkar.


      Finn orda som er ulike, og set strek under dei. Finst det andre skilnader mellom oppgåvene dykkar?