Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Bruk av naturgass

Naturgassensanvendelse.jpg

Naturgass blir nytta til fleire ulike ting, men hovudsakleg til oppvarming og produksjon av elektrisitet.


Energiproduksjon

Eit kraftverk med naturgass produserer elektrisitet og nokre gonger varme, som blir transportert ut til dei enkelte bustadene i store røyrsystem. Eit kombinert varme- og elektrisitetsverk kallast for eit kraftvarmeverk – i slike kraftverk blir energien utnytta betre enn om det berre blir produsert elektrisitet. I eit kraftvarmeverk kan opptil 90 % av energien nyttast, medan eit tradisjonelt elektrisitetsverk berre utnyttar ca. 40 % av energien. Det finst derimot ein ny teknikk som utnyttar den ca. 400 gradar varme avgassen under dampproduksjon, og her kan verknadsgraden aukast med over 50 %.

Men eit kraftvarmeverk har òg nokre ulemper. Varmebehovet om sommaren er t.d. svært lite, og dermed blir ikkje energien utnytta så godt. På same måte kan behovet for varme om vinteren vere større enn behovet for elektrisitet, og då må det produserast elektrisitet utan at det eigentleg er behov for det.


Gass til hushalda

Private forbrukarar nyttar i hovudsak naturgass til oppvarming i eigne gassomnar eller til matlaging. Det er òg blitt utvikla energieffektive tørketromlar som nyttar gass i staden for elektrisitet til å tørke klede. I Norden har det primært sett vore økonomisk mogleg å føre gassrøyr i kystområda heile vegen til den enkelte forbrukaren.

Naturgass er svært brannfarleg, og det er derfor viktig å vere merksam på lekkasjar eller om ein har gløymt å slå av gasskomfyren. Ein kan verken lukte eller sjå rein naturgass – derfor blir naturgassar ofte blanda med andre stoff som får dei til å lukte. Eit slikt stoff kallast for eit sporstoff. Den karakteristiske gasslukta som du kanskje kjenner frå fysikksalen eller gasskomfyren, er altså ikkje naturgassen, men tilsette organiske svovelsambindingar.

Ein kasskomfyr slepper berre ut halvparten så mykje CO2 som ei elektrisk kokeplate – og vanlegvis kostar det òg berre halvparten så mykje å lage mat i ein gasskomfyr enn på ei tradisjonell elektrisk kokeplate.


Gass til transport

Gass kan òg nyttast som drivstoff i bilar, bussar og skip. Men det er ikkje noko særleg utbreidd enno. Miljøvinsten vil derimot vere stor, men ein må sjølvsagt òg tenkje på at gass er eit fossilt drivstoff. Naturgass kan redusere CO2-utsleppa frå transport med ca. 20 % jamført med bruk av bensin og diesel.

Det finst over 14 millionar gassbilar i verda, men det finst ikkje mange av dei i Norden. I Sverige har ein byrja å nytte biogass i lastebilar, og akkurat no vert det bygd seks stasjonar med gass til lastebilar. Både Volvo og Scania har utvikla gassmotorar til lastebilar, og i Skåne skal alle bussar køyre på biogass innan 2018. Biogass er ei form for gass som blir utvunnen av husdyrgjødsel.

Skipsfarten kan òg dra nytte av naturgass. Naturgass kan kjølast ned slik at han blir flytande. Dette gjer det til eit effektivt og miljøvennleg alternativ til dei forureinande drivstofftypane som for tida hovudsakleg er nytta i skip. Den avkjølte og flytande naturgassen kallast for LNG. Dette er ei engelsk forkorting for Liquefied Natural Gas.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Lag ei undersøking i klassen. Kva energikjelder bruker de hovudsakleg til matlaging – gasskomfyr eller ein annan type? Kjøleskap, frysar? Kor mange av kvar har de? Kor mange er energimerkte med A, A+ eller A++?


      Kor mange tenkjer over energiforbruket når dei lagar mat?

    • 2Temaoppgåve

      Lag ei skildring av bruksmoglegheitene for naturgass. Bruker de naturgass på skolen? Bruker de naturgass heime?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

       

      Undersøk skilnaden mellom energikjelder i klassen dykkar og i vennskapsklassen. Korleis blir skolen dykkar varma opp? Korleis blir husa dykkar varma opp? Finst det bussar og bilar som går på gass der de bur?

       

      Kva er skilnadene og likskapane?