Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Om bioenergi

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Energiforbruk Emne Fornybar energi Klima Type Tekst
Ombioenergi.jpg

 

Bioenergi vil seie energien som kan utvinnast ved forbrenning av biomasse. Biomasse omfattar tre og plantar rundt oss. Bioenergi er derfor òg den eldste energiforma vi har. Heilt sidan vi byrja å nytte eld til matlaging og varme, har vi nytta bioenergi.

Biomasse blir danna ved at tre og plantar utnyttar solenergi til å vekse og gro gjennom fotosyntesen. I fotosyntesen omdannar planten karbondioksid (CO2) og vatn (H2O) til sukkerarten glukose (C6H12O6) og oksygen (O2). Ein kan seie at fotosyntesen er naturens eige solkraftverk.

Biomassen består med andre ord av solenergi som er lagra i vekstar. Vi kan utnytte denne energien ved å forbrenne plantane. Dei enklaste formene for bioenergi finn vi til dømes i vanleg tre, flis og torv. Men òg gjødsel, gras og bork inneheld store mengder bioenergi. Ved forbrenning av gras og tre må det veldig store mengder til før det blir produsert nok energi til å kunne nyttast til oppvarming. Derfor blir det investert mykje pengar i og forska mykje på korleis biomassen kan omarbeidast til å innehalde meir energi i mindre mengder. Denne typen biomasse kallast for foredla biomasse, mens den tradisjonelle biomassen kallast for ubehandla biomasse. Døme på foredla biomasse er trebrikettar og pellets eller bioetanol, som blant anna kan nyttast som drivstoff til bilar. Det kan du lese meir om i avsnittet «Bioenergi for transport». Foredla biomasse er derimot mykje dyrare enn ubehandla, blant anna fordi det går med mykje tid til prosessen, og fordi det ofte krevst avanserte teknikkar og utstyr i produksjonen.

 


Bioenergi i Norden

Når ein ser på dei vestlege landa, er både Noreg, Sverige og Finland blant dei landa som har dei største skogressursane i høve til innbyggjartalet. I desse tre landa var forbrenning av tre den vanlegaste forma for energi til ca. byrjinga av 1900-talet. Danmark, Island og Grønland hadde derimot ingen nemneverdige skogressurser å nytte av. Energiforbruket endra seg derimot dramatisk i løpet av 1900-talet. Bruken av tre som primær energikjelde fall til mellom tre og fem prosent ved inngangen til 1970-talet i både Sverige, Norge og Finland. Det var ikkje før energikrisa i ca. 1973 at biletet endra seg og biomasse igjen blei oppfatta som ein stor energiressurs. Men det har òg teke mange år å finne nye måtar å utnytte denne ressursen på.

Finland og Sverige, som er blant verdas leiande land innan bruk av bioenergi, får i dag meir enn 20 % av energien herifrå. Mesteparten av biomassen kjem frå skogbruk, og særleg i Sverige har dei byrja å dyrke energirike piletre, som er meint å gjerast om til energirik biomasse. Nye tal fra peikar på at Sverige i 2013 fekk 33 % av energien sin frå biobrensel, noko som gjer bioenergi til Sveriges største energikjelde. (Kjelde: svebio.se)

I Danmark har utgangspunktet for å arbeide med bioenergi vore eit anna. I Danmark finst det ikkje store skogareal, men likevel dekkjer bioenergi (inkludert avfallsforbrenning) 17 % av energiforbruket. Av dei større nordiske landa er det i dag Noreg som nyttar minst bioenergi – ca. 5 %.

Potensialet er derimot svært stort. Norden har i dei siste 20–25 åra hatt ein sterk vekst i bruken av bioenergi. I 1998 blei det produsert 213 TWh – og dermed utgjorde bioenergi Nordens største fornybare energikjelde det året. Til jamføring er produksjonen av straum i vasskraftverk i Norden ca. 200 TWh i løpet av eit normalår.

 


Potensialet

Biomasse er som tidlegare nemnt forbrenning av plantar – og derfor er det globale potensialet for bioenergi òg avgrensa, og kan berre utgjere ein del av løysinga for erstatning av olje og kol. Rett og slett fordi plantar som blir forbrende i store mengder, kjem til å gå ut over produksjonen av plantar som kan etast. Bioenergi har eit stort potensial på nokre område, og kan dermed inngå i ei heilskapleg løysing for å unngå CO2-utslepp. Det er t.d. mogleg å utvinne olje og gass av biomassen, som kan erstatte drivstoffet i forureinande flymotorar. På den måten kan biomasse vere ei kjelde til rein energi, og dermed gi miljømessige fordelar.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Beskriv korleis fotosyntesen verkar og lag ein illustrasjon som viser korleis det skjer.

    • 2Temaoppgåve

      Lag eit kart over Norden og over kvar bruken av biomasse til energiproduksjon skjer i dei ulike landa.

    • 3Temaoppgåve

      Lag ein illustrasjon og forklar korleis ein trepellet fungerer for oppvarming av ein bustad. Rekn ut kor mange kilo trepelletar ein måtte ha brukt dersom varmeforbruket til heile skolen i eit år skulle blitt dekt med trepelletar, og rekn ut kor stor plass dei ville teke.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Kor mange i klassen får varmen heime hovudsakeleg frå bioenergi? Lag ei spørjeundersøking i heile klassen og lag eit Excel-ark som viser dei ulike energikjeldene de har heime. Rekn ut kor stor del som kjem frå bioenergi og del det med vennskapsklassen.

    • 2Vennskapsklasse

      Brennverdien av eit tonn tørt tre er omtrent 19 GJ (gigajoule), noko som tilsvarer ca. 500 liter olje.  Ca. 1/3 av vekta av eit nyfelt tre består av vatn. Ulike tresortar har ulikt massefyll (1 m3 gran veg mindre enn 1 m3 bjørk), men eit godt gjennomsnittstal er at tre har eit massefyll på 0,7. Vel eit tre i nærleiken av skolen og rekn ut volumet av det. Sjå på treet som ein sylinder, slik at volumet kan reknast ut med denne formelen:

       

      Volum= ∏ × r2 × h.

      Kor mange tre av denne storleiken må brukast årleg for å varme opp skolen? Ta eit bilete av treet og send resultatet og biletet til vennskapsklassen.

    • 3Vennskapsklasse

      Lag ein presentasjon til vennskapsklassen der de argumenterer for kvifor skolen dykkar bør skifte til oppvarming med bioenergi.