Når vi snakkar om elektrisitet, tenkjer folk flest på straumen som kan hentast ut av stikkontakten. Få menneske tenkjer over kvar elektrisiteten kjem frå – og kva det eigentleg er. Spørsmålet er faktisk òg meir komplisert enn det.
Ein enkel definisjon
Elektrisitet blir òg kalla for el eller straum. Det betyr energi som består av ein straum av elektron. Byggjesteinane i universet heiter atom, og det er dei både du og eg er bygde opp av. Litt som legoklossar. Eit atom består av ein positivt ladd kjerne (proton) som er omringa av negativt ladde elektron. Når desse elektrona flyttar seg frå eit punkt til eit anna, skaper dei ein elektrisk straum som blant anna kan nyttast til å gi energi til alt frå datamaskiner og kjøleskap til oppvarming og lys. Elektrisk straum måler vi i ampere (A).
Transport av elektrisitet
Ein leidning blir vanlegvis nytta til å transportere straum. Ein leidning er eit metall – vanlegvis kopar, men mange andre former for metall kan òg nyttast – der atoma ligg så tett at dei ytste elektrona ikkje er bundne til eit bestemt atom. Dei heiter frie elektron, og dei kan vandre fritt rundt i metallet. Dette er vanlegvis ikkje noko ein legg merke til, men om metalleidningen blir kopla til eit elektrisk felt – det vil seie eit overskot av elektron i den eine enden, og eit underskot i den andre – vil elektrona få ei bestemd retning – og det kallar vi for straum. Det elektriske feltet kallar vi spenningsskilnaden, og han måler vi i volt (V).
Fart og motstand
Når elektron rører seg, går det faktisk ikkje raskt. Når elektron rører seg fritt, er det med ein fart på 106 m/s – eller nesten 400 km i timen. Men når dei rører seg i ein leidning for å tenne eit lys eller få støvsugaren til å verke, skjer det med ein fart på berre 36 cm i timen. Når vi likevel opplever at lyset blir tent med ein gong vi slår på straumbrytaren, er det fordi leidningen så å seie allereie er fylt opp frå byrjinga. Når eit elektron rører seg i den eine enden, blir det utløyst ein kjedereaksjon slik at alle elektrona flyttar på seg – som når ein klemmer nedst på tannkremtuben for å få tannkrem ut av holet i den andre enden.
Straumen i ein leidning rører seg derimot ikkje heilt fritt. Mange vil kunne seie seg einig i at ein leidning kan bli varm – eller ei lyspære nesten brennande. Det er fordi det er motstand i leidningen. Motstanden i leidningen måler vi i Ohm.
I praksis oppstår det elektrisk straum i ein leidning når det blir skapt elektrisk spenning mellom endane i leidningen. Spenninga måler vi som sagt i volt, men i fysikken blir det ofte kalla bokstaven U. Dette fordi ein av dei mest kjente fysiske lovene er tysk, og på tysk heiter (spennings-)skilnaden «Unterschied». Straumstyrken måler vi i ampere, men det blir etter tysk kalla for I, for «Induktion». Den fysiske lova som viser korleis straumstyrken, spenningsskilnaden og motstanden i leidningen er gjensidig avhengige av kvarandre, heiter Ohms lov. Denne lova seier at U = R × I, der R er motstanden i leidningen – eller på tysk: «Resistanz».
Alle elektriske apparat du kjøper, skal oppgi eit tal for kor mykje straum dei nyttar. Det blir vanlegvis oppgitt i watt. For å rekne ut kor mange watt straumen har, nyttar vi ein annan fysisk formel med same tyske bokstavar. Watt heiter i fysikken bokstaven P for «Power», og vert rekna ut med formelen P = U × I.
Pris
Når vi betaler for elektrisiteten vi nyttar, betaler vi for mengda watt vi nyttar per time. Forbruket vårt i heimen og på skolen går opp og ned, så nokre gonger nyttar vi nesten ingenting, og andre gonger nyttar vi mykje. Når vi betaler for elektrisitetforbruket vårt, blir alle eisse tala lagde saman til ein gjennomsnittssum vi kallar kilowatt-timar – eller kWh. Det betyr at vi har nytta 1 kWh når vi har nytta 1000 watt i løpet av éin time. Vi kan med andre ord nytte 2000 Watt i løpet av ein halv time eller 500 Watt i løpet av to timar. Da har vi òg brukt 1 kWh. Prisen på elektrisitet er svært ulik frå land til land i Norden, og varierer òg etter årstid og etterspurnad. På Island betaler ein ca. 0,88 NOK for ein kWh, mens ein i Danmark betaler ca. 2,75 NOK.