Med utbreiinga av glødepæra frå starten av 1900-talet oppstod det samtidig ei oppbygging av elektrisitetsverk og eit leidningsnett som skulle føre energien frå kraftverka og ut til kvar enkelt husstand i alle dei nordiske landa. Den nye energikjelda skulle endre livet til menneske over heile Norden – og i verda – i løpet av 50 korte år.
Produksjon, sal og leidningsnett
Produksjonen av elektrisitet i Norden er historisk sett bygd opp rundt større, sentrale kraftverk, først konsentrert rundt enkelte byar og seinare utvida til større og større regionale område etter samanslåingar og fusjonar. Eigarskapet har ofte lege i hendene til kommunar eller staten, som langsamt har etablert seg som energiselskap med ansvar for både produksjon, sal og drift av leidningsnettet. Unntaket her er Danmark, der det på byrjinga av 1900-talet med utgangspunkt i eit sterkt landbrukskollektiv utvikla seg ei rørsle for at eigarskap av elektrisitetsverk skulle liggje hos dei som nytta elektrisiteten – altså forbrukarane. Rørsla vart kalla andelsbevegelsen («partseigarrørsla»), og den dag i dag er mesteparten av danske elektrisitetsforbrukarar partseigarar i sitt lokale elektrisitetsselskap.
Dei siste ti åra har dette biletet byrja å vende seg litt vekk frå store, sentrale kraftverk. Det blir i større utstrekning montert solcellepanel på villaer og einebustader, og det blir investert i lokale vindmøller på større landbrukseigendommar. Produksjonen av elektrisitet blir altså til ein viss grad flytta ut til den enkelte husstanden. Slik teknologien er i dag, betyr ikkje produksjon av straum hos den enkelte forbrukar så mykje. Men det kan få større og større betydning i framtida. Det får store konsekvensar for korleis heile leidningsnettet er bygd opp. I dag ser ein for seg at det finst nokre kjempestore elektrisitetsleidningar som ligg heilt ved kraftverka, og at leidningane blir mindre og mindre etter kvart som dei når ut til kvart enkelt hus. Litt som ei trakt, der det er stor plass i den eine enden og mindre i den andre. Om kvar enkelt husstand byrjar å produsere sin eigen elektrisitet, må leidningane kanskje vere like store overalt. Mange energiselskap jobbar med å rekne ut korleis vi skal skaffe elektrisiteten vår i framtida, men ingen avgjerder er tekne enno.
Kraftverk
Eit kraftverk er ei produksjonsenining som produserer elektrisitet, og det finst fleire typar kraftverk.
Med olje, kol, gass, avfall eller anna brennbart materiale blir straumen vanlegvis produsert ved at forbrenning av materiale varmar opp vatn til damp som kan drive eit hjul – kalla ein turbin – rundt. Rørsla blir utnytta av ein dynamo, og slik blir det danna straum til elektrisitetsnettet. Nokre stader blir den varme vassdampen òg nytta til å varme opp bustader – då kallast kraftverket eit kraftvarmeverk.
Ein dynamo nyttar energiutvekslinga mellom ein magnet og eit leiande materiale ved ein såkalla induksjon. Når dynamoen blir dreidd rundt, beveger ankeret, som er ei stong dekt med leidningar, seg rundt og rundt inni eit kammer, der det er montert ei rekkje magnetar. Dette rommet kallar vi statorhus. Ved hjelp av rotasjonane til ankeret blir det danna elektrisk straum. Ved kraftverka nyttar ein mange viklingar og kjempestore magnetar, slik at det kan produserast store mengder elektrisitet.
I tillegg til brenselkraftverk finst det også atom- eller kjernekraftverk. Metoden er stort sett den same som for brenselskraftverk – men i staden for å brenne olje eller kol kjem varmen til oppvarming av vatnet frå spalting av t.d. kjernar av grunnstoffet Uran.
I ei vindmølle er det vindkreftene som får dynamoen til å dreie rundt og produsere straum, og i eit vasskraftverk blir vatnet nytta til å drive turbinar eller vasshjul som dreier rundt når vatnet blir leidd frå ein høgere stad til ein lågare stad. Det er derfor vasskraftverk er bygde som demningar over t.d. ei elv. Slik kan vatnet samlast opp og nyttast når det er behov for det.
Skilnader og likskapar
Tidspunktet for innføring av elektrisitet er likt for dei nordiske landa, men det er veldig stor skilnad på korleis dei ulike landa produserer elektrisitet. Det heng naturlegvis saman med kva naturressursar som er tilgjengelege ved oppføringa av kraftverka.
Energiforbruk i de nordiske landene 2019. — = data mangler. 0% = <0,4%. Kilde: International Energy Agency (2020). Ikoner laget av Vectors Market fra www.flaticon.com