I både Norden og Europa, og for den saks skuld i heile verda, har energiforbruket til alt frå lys, transport, matlaging og produksjon av varer auka med eksplosiv fart dei siste hundre åra. Det er rart å sjå for seg ei verd utan TV og datamaskiner – men det er likevel menneske som framleis hugsar det. Om vi òg prøver å førestille oss ei verd utan bilar, telefonar og elektrisk lys, går vi knapt nok hundre år tilbake i tid. I tillegg kan vi tilføye alt frå varmt vatn i krana og kjøleskap og frysarar til musikk spelt på anna enn akustiske instrument – live. Alle desse tinga treng éin ting for å fungere: energi.
Verdas energiforsyning er i dag helt avhengig av forbrenning av olje, kol og gass – alt det vi kallar for fossile brensel. Ordet kjem av at vi i verkelegheita forbrenner døde dyr og plantar som har vore gøymde under trykk i mange millionar år. Eit fossil er nemleg leivningar av daude dyr og plantar.
Energi til fremtida
Dei fleste menneske vil ikkje vere utan moderne ting og komfort, og derfor er det viktig å jobbe med å finne alternativ til fossile brennstoff. Fossile brennstoff har nemleg to problem. For det første slepper dei ut store mengder CO2 når dei blir forbrende. CO2 er ikkje giftig, men om det kjem mykje meir CO2 i lufta – eller atmosfæren, som det òg heiter – enn i dag, blir kloden varmare og varmare. For oss her i Norden betyr det kanskje ikkje så mykje – kanskje hadde det vore bra om temperaturen steig med tre–fire gradar – men for store delar av jorda vil det få svært store konsekvensar med flaum, tørke og hungersnaud, og store landområde kan forsvinne fordi det smeltar så mykje is på Nordpolen og Sørpolen at hava stig og dekkjer landjorda som ikkje ligg langt frå havflata.
Det andre problemet er enklare. Det blir vanskelegare og vanskelegare å finne nye olje- og gasslager, og på eit eller anna tidspunkt vil det vere tomt.
Forskarane anslår at i år 2030 vil dei 27 landa i EU måtte importere 93 % av olja dei har bruk for. Alternativ til og løysingar på det store forbruket av fossile brensel er t.d.:
Vind- og solenergi
Produksjon av elektrisitet ved å nytte seg av at vinden blåser og sola skin. Desse teknologiane er allereie svært utbreidde i dag. Dette kan ikkje erstatte energiforbruket vårt heilt, sidan dei berre produserer elektrisitet på enkelte tidspunkt i døgnet.
Biomasse
Utnytting av restprodukt frå landbruksproduksjonen som kan brennast og nyttast til produksjon av elektrisitet, men dei kan òg gjerast om til bioetanol som kan erstatte bensin og diesel i bilar i framtida. Utfordringa med biomasse er at om energiforbruket vårt held fram med å auke, vil vi òg nytte ein større og større del av landbruksområda til å produsere avlingar som blir brende i staden for å etast.
Kjernekraft
I alle dei nordiske landa pågår det ein diskusjon om kjernekraft kan løyse energiproblema våre i framtida. Kjernekraft slepper ut mindre CO2 enn fossile brensel, men produserer òg radioaktive stoff som er veldig farlege. I Finland og Sverige skjer ein stor del av produksjonen i dag med kjernekraft, medan Danmark, Noreg, Island, Færøyane og Grønland ikkje nyttar kjernekraft.
Fusjonsenergi
Det blir i dag forska på om ein kan framstille energi på same måte som det skjer i sola. Det krev veldig spesielle anlegg og svært høge temperaturar, men noko tyder på at det kanskje kan finnast ei løysing her i framtida.
Hydrogenenergi
Hydrogen er ein eksplosiv gasstype som kan nyttast til å lagre energi frå til dømes vindmøller og solceller, slik at ein får tilgang til energien når ein skal nytte han. Teknologien finst i dag og er veldig rein. Problemet er at brenselscellene som blir nytta til å få energien ut av hydrogenet, er for skrøpelege, og at energimengda er lita for kvar enkelt brenselscelle.
Det finst òg ei rekkje mindre kjende moglegheiter, som t.d. å nytte energien i bølgjer. Du kan lese meir om dei ulike moglegheitene for energikjelder i temaet «Energikjelder».