På Island får 9 av 10 husstandar varme frå jorda. Det kan islendingane takke vulkanane sine for. Den vulkanske aktiviteten betyr nemleg at jordas glødande indre er nærare jordoverflata enn normalt. Det kan ein utnytte i geotermiske anlegg.
Island nyttar geotermisk energi til både oppvarming av hus og produksjon av elektrisitet. Likevel har landet langt frå utnytta all varmen som finst under bakken. Det er anslått at varmen i jordas indre har nok energi til å dekkje verdas årlege energiforbruk 35 milliardar gonger om ein kunne få tak i alt. Men det kan ein ikkje. Det er likevel masse energi som kan utnyttast.
Energien frå geotermisk energi kan ikkje flyttast, men den store tilgangen til energi har ført til at Island i dag er svært nær ved å få all energien sin frå fornybare energikjelder – med unntak av energikjeldene som blir nytta til transport.
Òg andre stader enn på Island
Djupt nede i Danmarks undergrunn finst det lommer med 70 gradar varmt vatn. I nokre byar blir det pumpa opp og nytta i varmevekslarar til bruk for oppvarming av bustader. No nyttar ein berre geometrisk energi i større skala i Thisted, Sønderborg og København. Men det finst gode moglegheiter i mange andre storbyar der ein veit ein har varmt vatn i lommer under jorda. Og lagera er så store at dei kan gi varme i meir enn 100 år. Det varme vatnet i Danmark heng saman med Danmarks geologi. Dei største delane av Norden består av stein og fjell, men Danmark består i større grad av sand og leire, som fungerer som eit isolerande lag, mykje nærmare jordoverflata enn i resten av Norden der varme lag finst mellom tre–fire kilometer ned.
I Danmark blir varmt vatn henta opp frå djup på mellom 1 og 2,5 km. Vatnet blir pumpa opp og sendt inn i noko som heiter varmepumpeanlegg. Her blir varmen trekt ut gjennom varmevekslarar, der det varme vatnet avgir varme til kaldt vatn som renn gjennom røyr ved sida av. På den måten blir vatnet kjølt ned frå 73 °C til 17 °C. Når det varme vatnet frå jorda er nedkjølt, blir det sendt under jorda att for å bli oppvarma på nytt.
I Sverige og Finland har ein ikkje eksperimentert med bruken av jordvarme, men Noreg har utført nokre forsøk dei siste åra. I 2011 blei det utført ei prøveboring i Fyllingsdalen i Bergen, men ho nådde ikkje lenger enn 500 meter ned før boringa blei avslutta.