Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Om hydrogenenergi

OmbrintenergiII.png

 

Det blir forska intensivt for å finne alternative energikjelder til olje og kol. Både vindturbinar og solceller produserer elektrisitet og er gode alternative energikjelder. Eit av problema er derimot at det er vanskeleg å lagre og spare på straum. Vi kjenner alle til batteri, men dei er store og tunge – og må ofte ladast og skiftast ut.

 


Eit alternativ til fossilt brensel

Hydrogen er eit grunnstoff og ein gass som består av berre eitt proton og eitt elektron. I naturen opptrer det derimot alltid i par med to hydrogenatom bundne saman. Det gjer hydrogen til det minste molekylet i verda – vi kjenner det under namnet H2. H-en står for hydrogen.

Hydrogen er òg det vanlegaste grunnstoffet i universet, og i sola finst det hydrogen som ved omdanning til helium (He) – grunnstoff nummer 2 – avgir store mengder energi som vi mottek kvar einaste dag. I si molekylære form med to hydrogenatom bundne saman kan hydrogen òg nyttast til å generere energi i det vi kallar for ei brenselscelle. I den prosessen blir det produsert både varme og straum, men det blir ikkje skilt ut forureinande stoff. Det einaste som kjem ut av prosessen, er nemleg vatn – og det gjer det interessant for forskarar å finne ut korleis hydrogen kan nyttast som ei framtidig energikjelde.

 


Kvar kjem hydrogen frå?

Det finst ingen store mengder H2 på jorda, og vi må derfor framstille det. Det finst svært store mengder hydrogen i vatn, som består av to hydrogenatom og eitt oksygenatom, med det kjemiske symbolet H2O. Å dele eller spalte vassmolekyl inn i hydrogen- og oksygenatom blir gjort med elektrolyse, altså ved at ein tilset straum i vatnet.

Når ein tilset straum i ei væske, vil dei positive iona i væska bli trekte mot katoden, mens dei negative iona i væska vil bli trekte mot anoden. Vassmolekyl blir gjorde om til H+ og OH–-ion. Ved katoden plukkar kvart H+-ion opp eit elektron og produserer H2-gass, altså hydrogen. Ved anoden samlar fire OH–-ion seg og frigir O2-gass (oksygen), vatn og fire elektron. Oksygen og hydrogen blir frigjort og boblar opp mot overflata der dei kan samlast opp. Problemet med denne prosessen er at det må nyttast energi for at han skal fungere. Men det kan vere ein god måte å spare straum på. Nokre gonger når det blåser mykje eller sola skin, produserer vindturbinar og solceller nemleg meir energi enn vi kan nytte akkurat her og no.

Ei anna utfordring med hydrogenenergi er at han er svært brannfarleg i rein form. Derfor er det fare for eksplosjonar ved berre den minste lekkasje i dei store tankane der ein lagrar hydrogenet. 

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Finn alle grunnstoffa med bokstaven H i det periodiske system. Vel eit av dei og fortel meir detaljert om det. Kven fann det til dømes først, og kor mange proton, nøytron og elektron består det av? Teikn ein figur av grunnstoffet og fortel litt om kva ein kan bruke det til. Blir stoffet brukt i noko du kjenner til?

    • 2Temaoppgåve

       

      Forklar korleis elektrolyse verkar, og fortel korleis metoden kan brukast til å lagre energi frå t.d. vindmøller.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

       

      Ta eit bilete av nærmaste dam, sjø eller vassdrag, og forklar vennskapsklassen kvifor dette biletet kan illustrere framtidas energiforsyning.