Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Om naturgass

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Stoff og energi Tema Ressursar Emne Kjemi Fossilt brensel Type Tekst
omnaturgas.jpg

Naturgass kan forklarast som råolje i gassform. Gassen består hovudsakeleg av metan – CH4 – men inneheld òg varierande mengder hydrogensulfid – H2S – samt CO2, nitrogen og vassdamp.

Naturgass finst naturleg under jorda, ofte i nærleiken av eller i samband med oljelager. Det blir ofte henta opp frå jorda ved boringar der trykket får gassen til å stige til overflata. For å sikre eit konstant trykk blir gasslagera ofte pumpa med vatn. Det blir òg diskutert om CO2 kan pumpast tilbake i holromma der naturgassen ligg, så vi på den måten kan unngå utslepp i atmosfæren. Forsøka har derimot vist at det er vanskelegare å gjennomføre enn ein trudde, og metoden er derfor ikkje blitt teken i bruk enno.


Kvar kjem gassen frå?

Naturgass blir danna på nesten på same måte som olje. Gassen er danna av plante- og dyrerestar som har blitt pressa saman av tjukke og tunge jordlag i millionar av år. Naturgass er usynleg og luktfri. Noreg har store naturgassressursar i Nordsjøen og er den sjuande største produsenten i verda, men Noregs part utgjer likevel berre 3 % av den totale produksjonen på verdsbasis.

Mindre enn 1 % av produksjonen i Noreg blir nytta i Noreg, og gassforbruket i Noreg er tilsvarande null. Saman med Sverige utgjer naturgassforbruket litt under 2 %. I Finland utgjer naturgass 11 %, og i Danmark over 30 %. Sidan Noreg forbruker lite, kan ein stor del gå til eksport til resten av Europa. Ifølgje EIA (US Energy Information Administration) leverer Noreg 20 % av Europas naturgassbehov, då hovudsakeleg til Tyskland og England, som nyttar meir enn 50 % av produksjonen.

Energien i gassen kan nyttast direkte i bustader til oppvarming og matlaging, til drivstoff i bilar og til straumproduksjon. Naturgass dekkjer ca. ein fjerdedel av verdas energiforbruk.


CO2-utsleppet er mindre med naturgass

Den auka naturgassbruken gir visse miljømessige fordelar, ettersom naturgass er det reinaste fossile brenselet. Ved forbrenning slepper naturgass ut 25–30 % mindre CO2 enn olje og 30–50 % mindre enn kol. Det er anslått at naturgassreservane i verda som vi kjenner til, tilsvarer 70 års forbruk, men på grunn av det auka fokuset på utvinning av naturgass frå skifer, vil dette talet sannsynlegvis bli meir enn fordobla.

Ein annan fordel med naturgass er at han berre inneheld litt svovel. Naturgass slepper derfor ut lite syre under forbrenning som kan føre til sur nedbør. Dessutan slepper forbrenning av naturgass verken oske, støv eller andre partiklar ut i lufta, som er tilfellet med t.d. kol.


Gassrøyr i heile Norden og Europa

Naturgassen frå Noreg – og Danmark, som òg har gassreservar – blir hovudsakeleg henta opp frå botnen av Nordsjøen. Derfrå blir gassen send ut til forbrukarane gjennom eit gigantisk røyrsystem. I dag strekkjer røyra seg som store motorvegar heile vegen gjennom Europa. Gassleidningane går ut til tettbygde område som kan utnytte gassen optimalt. Det ville vore for dyrt og komplisert å byggje gassleidningar ut til dei enkelte husa i tynt befolka område.  

Dei fleste nordiske landa får naturgassen frå Noreg og Danmark, men Finland får ein stor del av naturgassen sin frå Russland. Dei største naturgassreservane i verda finst i Russland – ca. 40 % av reservane på verdsplan. Mange land er svært avhengige av importert gass frå Russland, noko som ofte har skapt konfliktar ved usemjer mellom landa.


Skifergass

Skifergass er naturgass som blir produsert frå skifer. Skifer er hardt samanpressa leire og slam med svært høgt organisk innhald. Skifergass tilsvarer naturgass, og består hovudsakeleg av metan. Skifergassressursane ligg lagra djupt nede under jorda i skiferformasjonar.

Gassen som blir produsert i Nordsjøen, er utvunnen frå kalk- og sandlager som finst over skiferen. Skifergassen er derimot innesperra i sjølve skiferen.

Akkurat no er det retta stort fokus på å òg utnytte skifergassen fordi det finst svært store mengder. Særleg USA har vore ivrige sidan landet lenge har vore avhengig av gass- og oljeimport frå andre land. Dette har gjort USA mindre avhengig av andre land for utvinning av skifergass, men det har òg ført til ein storm av protestar fordi metoden som brukast til utvinninga, blir klandra for å øydeleggje naturen.

 

Hydraulisk oppsprekking – teknikk for utvinning av skifergass

Hydraulisk oppsprekking eller hydraulisk frakturering er ein teknikk som brukast til utvinning av gass fra skifer. Teknikken består av å pumpe ei blanding av vatn (ca. 90 %), sand (ca. 9,5 %) og ulike kjemikalium (ca. 0,5 %) under trykk ned i boreholet. Det høge trykket fører til sprekkdanning i skiferlaget, og frigjer gassen frå skiferlaget. Miljøgrupper i USA peikar blant anna på at bruken av kjemikalium i prosessen forureinar grunnvatnet og jorda. Skifer inneheld dessutan uran, som er radioaktivt, og bruk av skifergass vil auke CO2-utsleppet i atmosfæren. I USA er ein jamvel redd for at oppsprekkingsaktiviteten kan forårsake jordskjelv. I Danmark blei det gitt løyve til å utføre forsøk med oppsprekking, og òg der er mange miljøgrupper engstelege for forsøka.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

       

      Beskriv prosessen for konvensjonell framstilling av gass og for produksjon av skifergass. Kva er skilnadene og likskapane, fordelane og ulempene?

    • 2Temaoppgåve

       

      Teikn eit kart over Europa og finn ut kvar dei store gassfelta ligg. Marker dei på kartet. Søk deretter på nettet og finn ut kvar røyra som bind saman landa ligg. Illustrer med bilete av boreplattformer, røyrleidningar, gassbehandlingsanlegg og gasskraftverk. Fortel kva for funksjon dei fire elementa har.

    • 3Temaoppgåve

       

      Lag ein illustrasjon av ei gassboreplattform og beskriv korleis gassen blir produsert og henta opp frå lommene under havbotnen.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

       

      Lag ei spørjeundersøking i klassen. Kor mange får varmen frå naturgass? Kor mange har sjølv naturgassfyring heime, og kor mange får varmen frå sentrale naturgassverk (kraftvarme eller sentralvarme)?


      Jamfør med vennskapsklassen. Kva er skilnadene og likskapane? Kva kostar det å varme opp eit huset hos vennskapsklassen dykkar jamført med hos dykk?