Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Olje i Norden

OlieiNorden.jpg


I 1971 lukkast Noreg med å pumpe olje opp frå botnen av Nordsjøen. Dette var ein sensasjon ettersom olje var noko som kom frå land langt vekke, nemleg oljestatane i Midtausten. Året etter følgde Danmark i Noregs fotspor, og begge landa har nytt godt av investeringane som i over 40 år har meir enn nok betalt for seg sjølv.

Noreg har dei desidert største olje- og gassreservane i Norden. Olje og naturgass finst vanlegvis i dei same lommene under jorda, men i byrjinga var det berre interesse for olja.

Naturgassen blei berre brend som avfall. Det var ikkje før seinare at ein forstod at dette var pengesetlar som gjekk opp i røyk. I 2013 produserte Noreg 2 % av olja i verda, men saman med gassproduksjonen utgjer det framles over 10 % av Norges inntekter.

Både Noreg og Danmark har opplevd ein nedgang i oljeproduksjonen på 40 % eller meir sidan 2003, då Noreg var blant dei ti største oljeprodusentane i verda. I Danmark blir det ikkje lenger produsert meir olje enn det som blir nytta, og landet er derfor avhengig av oljeimport frå andre land. Dei førebelse tala for 2014 tyder derimot på at Noreg opplever det motsette. Det er blitt funne nye oljereservar heilt i nord – i Barentshavet – og der trur ein det finst nok olje til å vare heilt fram til 2050.


OPEC

Ingen av dei nordiske landa har vore eller er medlem av OPEC, som er ein organisasjon for oljeproduserande land. OPEC er ein svært mektig organisasjon ettersom dei 12 medlemslanda rår over 75 % av oljereservane i verda, ifølgje offisielle tal. I 1973 var det t.d. landa i OPEC som vedtok å stanse eksporten av olje til mange land, noko som førte til ei oljekrise, som vidare førte til bilkøyringsforbod på søndagar.


Historia om olja

På slutten av 1950-talet var det få som trudde at oljeboring i Nordsjøen ville vere lønsamt, og endå færre såg for seg at det fanst så store oljemengder. Men då Nederland fann olje på slutten av 1950-talet, blei oò andre land inspirerte til å leite etter det.

Fleire land forsøkte med gode tilbod å kjøpe rettane til både den norske og danske havbotnen. Einar Gerhardsen, som var statsminister i Noreg i 1963, erklærte statens eigarskap over ein stor del av havbotnen i Nordsjøen. Men rettane blei ikkje avklarte – både Danmark og Storbritannia gjorde òg krav gjeldande, og saka blei ikkje løyst før i 1965. Den første boringa fann stad allereie året etter, men mislukkast. Først i 1969 blei dei første funna gjorde, og mange storfunn blei gjorde i åra etter. Både den norske og danske staten etablerte store verksemder med eit primært formål om å stå for oljeutvinning og -etterforsking – DONG (Dansk Olie og Naturgas) i Danmark, og Statoil i Norge.

Statoil har skapt svært store verdiar for det norske samfunnet. Det er anslått at Statoil i løpet av dei 40 årå verksemda har eksistert, har skapt verdiar for meir enn 12 000 milliardar norske kroner – målt i pengeverdien i dag.

Det vert anteke at Noreg har produsert ca. halvparten av den tilgjengelege olja, mens Danmark allereie kanskje har produsert to tredjedelar. Derfor er det ingen tvil om at oljeeventyra ikkje varer evig. Spesielt i Noreg har det vore store diskusjonar om korleis alle pengane skal investerast og korleis dei kan brukast til å sikre framtidige generasjonar. Røyndommen og kvardagen har derimot ført til at desse spørsmåla endå ikkje er blitt svarte på. Årsrekneskapen for det norske oljefondet i 2013 viste at meir enn 5000 milliardar kroner var blitt sparte opp. 

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

       

      Beskriv historia frå 1960 fram til i dag i korte trekk når det gjeld produksjon av olje frå Nordsjøen.

    • 2Temaoppgåve

       

      Kvar kjem olja frå? Lag ei liste over dei ti landa i verda med størst oljeproduksjon. Kor mykje produserer kvart av dei? Og kva nummer er Noreg på lista? Og Danmark? Kor stor del av oljeforbruket i Norden blir dekt av produksjonen i Noreg og Danmark?

    • 3Temaoppgåve

       

      Diskuter oljeutvinning i Barentshavet og polområda. Kva er fordelane og ulempene?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

       

      Skriv ei novelle som heiter «Dagen vi gjekk tom for olje». Send ho til vennskapsklassen din. Les og kommenter novellene deira.