Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Om olje

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Stoff og energi Tema Ressursar Emne Kjemi Fossilt brensel Type Tekst
omolie.jpg

 

Dei første oljefunna blei gjorde for 150 år sidan i Russland og USA. Det seiest at oljeindustrien har bursdag 27. august 1859 då amerikanaren Edwin Drake oppdaga olje berre 20 meter under jorda mens han bora etter vatn. Drakes boring gav ca. 5000 liter om dagen, og med han byrja ein ny epoke i verdshistoria. Overalt blei det bygd riggar til oljeleiting, og produksjonen i USA åleine auka frå ca. 2000 fat i 1859 til ca. 3,6 millionar i 1866.

I første omgang blei olja nytta i lamper for lys. Men då det elektriske lyset blei oppfunne i 1879, var ikkje olje lenger like nødvendig. Men då bensin- og dieselmotorar blei oppfunne på slutten av 1800-talet, byrja ny utvikling og etterspurnad å ta form, som peika fram mot vår bruk i dag av olje i bilar, fly, tog og skip.


Olje er planterestar

Olje er, som naturgass, restar av mikroskopiske dyr og plantar som levde for fleire millionar av år sidan og som har sokke ned til havbotnen. Plantar og dyr frigjer vanlegvis lagra energi frå sola eller næring når dei rotnar, men med olje og gass blei laga av plantar og dyr dekte til og pressa saman, og gjorde om til hydrokarbon – som er det kjemiske namnet på fossilt brensel. Derfor finst olje og gass i lag med tjukke avleiringar over, noko som ofte gjer det vanskeleg å finne stadene der dei ligg gøymde.  

Den største oljemengda i Norden finst i Nordsjøen, og ligg i lag som blei danna for meir enn 60 millionar år sidan. På den tida levde dinosaurar på jorda.


Korleis finn ein olje?

Ein kan leite etter olje blant anna ved å sende lydbølgjer gjennom jord og vatn. Hastigheita som lydbølgjene blir sende tilbake med når dei har treft noko hardt, kan seie noko om korleis jordlaga ser ut. Men dette er ikkje ein sikker metode. I Nordsjøen skjer det ofte søk etter olje frå store riggar som kan bore fleire kilometer ned i bakken. Dette er veldig dyrt og vanskeleg, og berre éi enkelt oljeleiting kan lett koste over 100 millionar kroner. Men olja er òg verd mykje pengar – og ettersom fleire og fleire land etterspør bensin og diesel, stig prisen. Dermed blir det mogleg å utvinne olje sjølv midt ute på havet – som både Danmark og Noreg gjer den dag i dag.


Boring og utvinning

Når det er fastslått at det finst ei tilstrekkeleg stor oljemengd under havet, startar ein komplisert prosess. Store stålkonstruksjonar som kan fraktast ut på havet, må byggjast, og må tene som opphaldsstad for menneska som jobbar med å få olja opp frå under havbotnen. Slike konstruksjonar kallast oljeplattformer. Nokre stader i Nordsjøen er ikkje vatnet særleg djupt, og olja kan derfor utvinnast med plattformer på bein som er monterte på havbotnen. Andre stader er derimot for djupe. Da må plattformene kunne flyte som skip.  

Deretter må det borast hol under havbotnet ned til laga der olja ligg, og hola må forsynast med borerøyr som òg er fylte med små hol som olja kan sive inn i. På grunn av trykket vil olja stige naturleg opp gjennom borerøyra, men ein må òg heile tida sørgje for at holromma er fylte opp slik at trykket blir halde oppe – på same måte som ved utvinning av gass. All olja kan likevel ikkje hentast ut. I dag kan ein få mellom 20 og 25 % av olja opp – men teknikkane blir stadig betre. I byrjinga blei t.d. under 10 % av olja henta opp, og i framtida reknar ein med å kunne hente opp minst halvparten. 

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

       

      Beskriv prosessen for konvensjonell framstilling av gass og for produksjon av skifergass. Kva er skilnadene og likskapane, fordelane og ulempene?

    • 2Temaoppgåve

       

      Lag ei forteljing som skildrar kvardagen for ein person på ei oljeplattform. Kvar jobbar ein? Kva gjer ein? Korleis kjem ein seg att og fram? Kva gjer familien mens ein er på jobb, kanskje fleire veker av gongen?

    • 3Temaoppgåve

       

      Fortel historia om olja. Når byrja ein å bruke olje, og kva blei ho brukt til? Kva gjorde ein før ein fann olje? Kva bruker ein olje til i dag?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

       

      Finn bilete på Internett av oljeboringsplattformer og havvindmølleparkar, og lag ein biletkollasj. Bli einig med vennskapsklassen om kven som skal lage kva. Del resultatet med kvarandre. Vurder skilnader og likskapar ved konstruksjonane ute på havet.