Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Om solkraft

Omsolenergi.jpg

Solenergi er rein energi, men han er like lite stabil som vêret i Norden. Om vinteren ser ein t.d. lite til sola – og nordpå ser ein ho ikkje i det heile. Og sjølv når sola skin, er problemet at ein enno ikkje har funne nokon effektiv måte å spare solenergi på. Det er det kanskje verdt å forske på?

Solstrålane inneheld mykje energi, og plantane har gjennom millionar av år lært seg å utnytte denne energien for å vekse. Det er sola som får tomatar, tulipanar og tre til å spire og gro. Ho får vinden til å blåse. Ho får vatnet i sjøar og hav til å fordampe, slik at vi får regn og snø, og ho tørkar kleda på tørkesnora. Sola var her milliardar av år før menneske. Likevel er det berre i løpet av dei siste åra vi har byrja å kunne utnytte solenergien til t.d. å produsere straum og varmtvatn.


Solfangarar og solceller

Vi kan få energi frå sola utan å røre ein finger. Sola bidrar til dømes til å varme opp husa vi bur i, berre ho skin gjennom vindauga. Dette kaller ein passiv solvarme. Sola er rein energi, men ho er òg ustabil. Det kjem ofte skyer i vegen for sola, og om natta skin ho jo ikkje. Problemet er her at ein ikkje heilt har funne ut korleis ein effektivt kan spare solenergien.

Heilt grunnleggjande finst det to måtar å utnytte solenergi på. Det kallast solvarme når solfangarar bruker varmen frå sola til å varme vatn, slik at det kan lagrast i isolerte tankar til det skal nyttast. Solvarmen frå solfangarar kan kombinerast med andre varmekjelder og er ein miljøvennleg og økonomisk måte å produsere varmtvatn på. Ved installering av solvarme kan ein ofte spare 60–70 % på utgiftene til produksjon av varmt forbruksvatn.

Med solceller – som er den andre måten å utnytte solenergien på – kan solstrålane gjerast om til straum. Solenergi kan enkelt lagrast i eit batteri. Men det er framleis dyrt. Inntil vidare kan solenergien derfor ikkje klare seg åleine. Han er avhengig av at andre energiformer tek over når sola gøymer seg. I framtida kan solcellene sannsynlegvis nyttast til å spalte vatn til hydrogen og oksygen. Hydrogenet kan lagrast og seinare nyttast til å produsere ny energi, slik at solenergien kan omdannast til noko vi kan lagre.

Både solfangarar og solceller er ganske enkle konstruksjonar. Derfor er dei òg haldbare og enkle å vedlikehalde.


Framtidas solenergi

I overskodeleg framtid vil nok forskarane lukkast med å utvikle ei langt meir effektiv solcelle enn ho vi kjenner i dag. Då vil prisen på solenergi òg bli langt lågare. Det er attpåtil svært sannsynleg at solcellene i framtida kan setjast inn i vindaugsglass, slik at ein utnyttar solenergien samtidig som ein kan kikke ut gjennom vindauget.

Framtidas solceller kan òg nyttast til å framstille hydrogen, som er brennstoffet i brenselsceller. Slik kan ein utnytte solcellene når dei elles vil produsere overskot av straum, som ein ikkje kan lagre. Mange solcelleanlegg er innretta slik at ein både kan kjøpe og selje straum om ein har kopla solcelleanlegget til det offentlege straumnettet. Når ein produserer meir straum enn ein nyttar, kan ein derfor selje overskotsstraumen for same pris som ein sjølv betaler for han.

I dei seinare åra har store solfangaranlegg, som kan forsyne heile byar med varmtvatn, også komme. Vanlegvis blir store område litt utanfor byen nytta til å installere solfangarane, og vatnet blir lagra i eit gigantisk vasstårn, slik at det kan fordelast på innbyggjararane i byen når dei skal dusje eller vaske opp.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

       

      Kva tre former for energi får vi i dag frå sola? Beskriv dei tre ulike formene og kva dei kan brukast til i eit vanleg hus.

    • 2Temaoppgåve

       

      Kva er sollys? Teikn og beskriv sola og korleis solenergien kjem ned til jorda. Kor lang tid bruker sollyset frå sola til jorda?

    • 3Temaoppgåve

      Rekn ut kor mange solcellepanel som må til for å dekkje energiforbruket på skolen, dersom vi går ut frå at


          1 panel leverer 300 W
          1 panel fyller 150 × 80 cm
          panelet i gjennomsnitt leverer straum (300 W) i 6 timar kvar dag


      Kor stor plass vil dei krevje? Ville det vore plass til dei på skoletaket?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

       

      Sol betyr liv og varme. Ta bilete som illustrerer solenergien og send dei saman med ei kort historie til vennskapsklassen.

    • 2Vennskapsklasse


      Lag ein video der de fortel om solsystemet. Kva heiter planetane, og kva er det som gjer jorda spesiell jamført med andre planetar? Last han opp til vennskapsklassen og sjå videoen deira.