Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Om vasskraft

Omvandkraft.jpg

 

I Noreg, Sverige, Finland og på Island er vasskraft avgjerande for straumproduksjon. I Norge dekkjer vasskraft nesten all straumproduksjon, mens Finland får dekt ca. 20 prosent, Sverige ca. halvparten og Island omtrent 80 prosent. Vasskraft er både billig og enkel og har derfor òg vore avgjerande for landa gjennom historia. Tilgangen til billig straum har blant anna betydd at det alltid har vore attraktivt å produsere råvarer som krev store mengder energi for å framstillast, t.d. aluminium.

Vasskraft avgir ikkje CO2 under produksjonen, men det krev til gjengjeld spesielle naturforhold for at det skal fungere. Dette kan vere fossar og kraftige elvestryk. Når eit vasskraftanlegg blir bygd, utnyttar ein krafta i vassrørsla. Eit typisk nordisk vasskraftverk består av ei demning der det strøymande vatnet kan demmast opp. På den måten skaper ein ein kunstig dam. Vatnet kan deretter førast ut av dammen gjennom turbinar som produserer straum. Det finst òg andre typar anlegg som ikkje krev demning, men som rett og slett utnyttar den rivande farta i vatnet for å drive turbinane.

Vasskraftverk hentar energien frå vatn som er fordampa frå havet og har komme ned som nedbør i fjella. Fjella ligg høgt, og høgdeskilnaden driv vatnet nedover. På den måten er vassenergi òg solenergi, sidan det er sola som gjer at vatnet fordampar.


Demningar

Sjølv om vatnet ikkje avgir drivhusgassar, kan oppføring av store vasskraftanlegg likevel ha store konsekvensar for naturen. For det første blir vassfarten bremsa, og fisken kan få det vanskeleg med å symje gjennom vatnet for å finne gyteplassar og formeire seg. Dette prøver ein å kompensere for ved å byggje såkalla fisketrapper. Desse gir fiskane tilgang til høgareliggjande område, gjennom tunellar eller basseng som ligg som trappetrinn etter kvarandre. I Noreg var det i 2002 registrert ca. 500 fisketrapper.

Demningar kan òg overfløyme store område der det ligg byar eller finst dyreliv. Derfor må ein alltid vurdere og planleggje nøye når ein byggjer vasskraftverk. I Norden blir utbygginga av vasskraft rekna for så godt som fullført – det skal altså ikkje byggjast meir.


Verdas største vasskraftverk

Verdas største vasskraftverk ligg i Kina og heiter Tre kløfter-demninga. Anlegget kan produsere 18 460 MW i året, noko som faktisk ikkje berre gjer det til verdas største vasskraftverk, men òg til verdas største kraftverk, uansett type. Når verket er ferdig utbygd, vil det ha ein forventa kapasitet på 22 500 MW. Demninga eller vassreservoaret er over 600 km langt og kan romme 39,3 km³ vatn.

Kraftverket har blitt kraftig kritisert fordi ein i samband med bygginga overfløymde eit enormt område. Det betydde at meir enn éin million kinesarar blei nøydde til å flytte. Ein har òg kritisert at bygginga av verket øydela arkeologiske område, og det er òg frykt for dei miljømessige konsekvensane av dette store naturinngrepet.


Samspel med vindenergi

Ein måte å utnytte eksisterande vasskraftverk betre på er å nytte dei store oppdemde vassreservane som eit slags energilager. Når det er overskot av vindenergi, kan denne nyttast til å pumpe vatn opp i bassenga, der det kan liggje og vente på å bli nytta. Slike vasskraftanlegg kallast pumpevasskraftverk. Slik sikrar ein at vasstanden i bassenga er høg nok i tider med høgt elektrisitetsforbruk og lite nedbør.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve


      Finn eit kart over Norden. Kvar ligg dei store vasskraftverka? Fortel kvifor vasskraftverka ligg der dei gjer.

    • 2Temaoppgåve

       

      Korleis fungerer eit vasskraftverk? Teikn og beskriv.

    • 3Temaoppgåve

       

      Kva energiformer er dei reinaste? Ranger dei og forklar kvifor de valde slik de gjorde.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

       

      Vasskraft er ei av dei viktigaste energikjeldene i Norden. Det fungerer ved at vatnet blir demt opp og deretter leidd gjennom ein turbin. Finn ein ekte bekk og bygg ei demning, eller lag ein modell. Film resultatet og send det til vennskapsklassen. Kva er det vanskelegaste med å halde vatnet tilbake?

    • 2Vennskapsklasse

       

      Diskuter konsekvensane av vasskraftutbygging, og skriv ned argument for og imot. Skal det byggjast meir vasskraft i Norden? Send argumenta til vennskapsklassen dykkar. Er de einige?