Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

print

Korleis påverkar klimaendringane naturen?

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Ressursar Emne Klima Dyr Økosystem Type Tekst
pexels-photo-165852.jpeg

Endringar i den arktiske kryosfæreen har store følgjer for plantar og dyr som har tilpassa seg eit liv i kulda. Artar som trekkjer (dvs. svømmer, vandrar eller flyr) til Arktis om sommaren, blir òg påverka. Endringane i snø- og isforholde fører til tap av heile habitat (særskilde levestader). Her kan de lese døme på korleis arktiske økosystem blir påverka.

 

Snø

Kor mykje land som er dekt av eit snølag, og kor lenge snødekket varer, er viktige faktorar for dei arktiske plantane og landdyra. Ein kortare snølagsperiode betyr ein lengre vekstsesong (då det er varme nok i lufta og jorda til at plantane kan gro), og når vekstsesongen blir utvida, endrar artssamansetjinga av plantane seg med han. Det blir t.d. fleire buskaktige plantar og færre reinsdyrlav. Desse endringane betyr meir mat til nokre artar og mindre mat til andre.

Høgare lufttemperaturar gir fleire tilfelle der nedbør fell som regn i staden for snø. Regn på snø lagar ei isskorpe på snøoverflata som gjer det vanskelegare for planteetande dyr (t.d. reinsdyr og moskusoksar) å få tak i plantane under snøen. Vinteren 2003 døydde om lag 20.000 moskusoksar på Banks Island i arktisk Canada fordi dei ikkje greidde å bryte gjennom ei stor og tjukk isskorpe på snølaget og få tilgang til føden.

På område der snødekket blir tjukkare, er jordlaga betre beskytta mot og isolert frå kulda i lufta over. Eit djupare snølag gir òg betre vern for små pattedyr som lever og ynglar under snølaget (f.eks. lemen). Nokre gonger om vinteren kan det bli lengre periodar med mildvêr, og heile område kan bli snøfrie. Når frostvêret vender tilbake, manglar det isolerande og beskyttande snølaget, og frosten drep buskar og tre.

 

Permafrost

Opptina permefrost påverkar særleg dei arktiske økosystema gjennom endringar i vasskretsløpet. Mange av vatna og dei små sjøane som er viktige levestader for insekt, som blir etne av bl.a. mange fuglar, tørkar faktisk ut om sommaren når permafrosten under dei forsvinn, og vatnet drenerer vekk. Den spesielle typen våtmark, palsmyra, er særs viktig som ynglestad for mange av dei fleire hundre millionar trekkfuglar som flyr til Arktis kvar sommar. Om palsmyrene, som venta, er så godt som forsvunne om 30–40 år, kan det godt tenkjast at det går kraftig ut over dei globale bestandane av vadefugleartar, som berre trekkjer til område med palsmyrer.

I andre område blir det danna nye våtmarker når jordlaget blir metta av vatn på grunn av mangel på naturleg avvatning frå stader med nyleg opptina permafrost.

 

Havis

Bitte små planktonorganismar lever i vatnet like ved iskanten og er viktige ledd i næringskjeda langs haviskanten. Mindre havis vil bety færre planktonorganismar i botnen av næringskjeda og dermed mindre mat tilgjengeleg for fuglar, selar, kvalar og fisk som leitar etter mat i eller ved område med eit godt havisdekke. Men det er òg nokre fiskeartar som får levestadene sine utvida når havisen minkar, og nokre fiskebestandar vil bli større.

 Havisen er ein eineståande levestad, og han er såleis viktig for at mange artar kan overleva. Det gjeld til dømes isbjørnen og ein del selartar. Klappmyssar, grønlandsselar, harlekinselar og ringselar føder ungane sine på havisen. Andre dyreartar bruker havisen til å kvile på, til dømes kvalrossar som et muslingar på havbotnen og mellom dykka kviler seg og fordøyer maten på havisen. Mangel på havis vil heilt sikkert føre til mindre bestandar av dyr som har tilpassa seg eit liv på eller ved havisen.

 

(Kjelde: AMAP – Arktis råd)

Logg inn for å lesa meir

Bilete

Fig 9.29 - illustrasjon_bloom_v2.png