Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

print

Kvifor endrar Arktis seg?

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Energiforbruk Emne Klima Fossilt brensel Type Tekst
pexels-photo-30492.jpg

Naturlege variasjonar i det globale klimaet har alltid vore ein del av jordas historie. Kalde periodar (istider) då innlandsis og iskapper dekte store område, er blitt avløyste av varme periodar (mellomistider) med ingen eller berre litt landbasert is. Oppvarminga vi er vitne til no, er derimot av eit omfang og med ei hastigheit som langt overgår den naturlege variasjonen.

Arktis blir varmare, og oppvarminga skjer raskare enn nesten alle andre stader på jorda. Sidan 1980 har den gjennomsnittlege årlege lufttemperaturen stige dobbelt så mykje i Arktis som i resten av verda. Faktisk var 2005–2011 dei varmaste åra som nokosinne er målte i Arktis.

Jamført med dei temperaturen som indirekte kan utleiast ved å undersøkje gamle sjøbotnlag, treringar og iskjernar, er sommertemperaturane i Arktis dei seinaste åra sannsynlegvis dei høgaste dei siste 2000 åra.

Størstedelen av den observerte stigina i den globale temperaturen kjem – med særs stort sannsyn – av drivhusgassane menneskeleg aktivitet slepper ut. Det handlar t.d. om brenning av fossilt brennstoff, altså olje, kol og naturgass. Drivhusgassen som har hovudansvaret for stiginga i lufttemperaturen, er karbondioksid. Metan er òg ein viktig drivhusgass.

Det er ikkje overraskande av høgare temperaturer fører til at den arktiske kryosfæren smeltar og tinar opp. Likevel kan forskarane no òg konstatere at delar av kryosfæren i eit samspel med heile klimasystemet faktisk får oppvarminga til å gå raskare. Det er snakk om særs gjensidige samband vi kallar for «feedbacks» (tilbakekoplingar). Det har vore kjent i noko tid at snøen er del av eit slikt samspel, men det er nytt at havisen i Arktis òg påverkar klimasystemet gjennom feedbackar.

I tillegg til samband mellom kryosfæren og klimasystemet er det òg samband mellom dei ulike elementa i kryosfæren. Endringar i eitt kryosfæreelement, t.d. snø, kan altså føre til endringar i eit anna element, t.d. permafrost.

 

Korleis verkar feedbackar?

Lyse overflater (t.d. snø og is) reflekterer meir sollys (altså energi) enn mørke overflater (t.d. vatn, jord, plantar). I område der jorda eller havet ikkje lenger er dekt av snø eller is, blir ein større del av solenergien derfor teken opp (fordi mindre av han blir reflektert). Det betyr at bakken eller havet blir varmare enn dei elles ville blitt. Ein del av denne ekstra energien blir lagra som varme og blir sleppt ut i atmosfæren det påfølgjande året, og forseinkar danninga av ny snø og is.

 

(Kjelde: AMAP – Arktisk råd)

Logg inn for å lesa meir

Bilete

Arctic Cryosphere Figurev2-01.png